Gandhara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gandhāra
1500-talet f.Kr.–535 f.Kr.
Plasseringa til Gandhara
Hovudstad Charsadda (Puṣkalavati), seinare Peshawar (Puruṣapura)
Styreform Monarki
Historie
 - Oppretta 1500-talet f.Kr.
 - Opphøyrde 535 f.Kr.

Gandhara (Gandhāra) er eit tidlegare rike i den noverande regionen Khyber Pakhtunkhwa i Pakistan, rundt Peshawar. Det omfatta Peshawar-dalen og strekte seg etterkvart til både dagens Jalalabad-distrikt i Afghanistan og til Taxila i Pakistan. Under akamenidedynastiet og hellenismen var hovudstaden i riket Charsadda. Hovudstaden blei flytta til Peshawar av Kusjan-herskaren Kanisjka den store rundt år 127.

Gandhara fast rundt same tida Rigveda blei til (ca. 1500–1200 f.Kr.).[1][2] Det blir omtalt i parsarboka Avesta som Vaēkərəta, den sjette vakraste staden i verda, skapt av Ahura Mazda.

Gandhara blei erobra av det persiske Akamenideriket på 500-talet f.Kr. I 327 blei det erobra av Aleksander den store, og seinare blei det del av Mauryariket. Det var eit senter for baktrisk parsisme, hinduisme[3] og seinare greko-buddhisme. Riket er kjend for sin greko-buddhistiske kunst. Frå det første til det femte hundreåret blomstra det som del av Kusjanriket.

Etter at det blei erobrar av Mahmud av Ghazni i år 1001, forsvann namnet Gandhara. Under det muslimske styret blei området styrt frå Lahore eller Kabul. Under Mogulriket var det eit sjølvstendig distrikt som omfatta Kabul-provinsen.


Kunst[endre | endre wikiteksten]

Greko-buddhistiske portett frå Hadda i Gandhara frå 200-talet.

Gandhara er kjend for sin særeigne Gandhara-stil innan buddhistisk kunst, som utvikla seg ved å bland gresk, syrisk, persisk og indisk påverknad. Utviklinga byrja under den partiske perioden (50 f.Kr.–år 75). Gandhara-stilen blømde og hadde eit høgdepunkt under Kusjantida, frå det første til det femte hundreåret.

Stukkatur og stein var mykje brukte materiale av steinhoggarar i Gandhara til å dekorera kloster og sakralbygg. Stukkatur var eit formbart materiale som gav kunstnaren eit vidt uttrykksspekter.

Tidsline[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Beal, Samuel. 1884. Si-Yu-Ki: Buddhist Records of the Western World, by Hiuen Tsiang. 2 vols. Trans. by Samuel Beal. London. Reprint: Delhi. Oriental Books Reprint Corporation. 1969.
  • Beal, Samuel. 1911. The Life of Hiuen-Tsiang by the Shaman Hwui Li, with an Introduction containing an account of the Works of I-Tsing. Trans. by Samuel Beal. London. 1911. Reprint: Munshiram Manoharlal, New Delhi. 1973.
  • Bellew, H.W. Kashmir and Kashgar. London, 1875. Reprint: Sang-e-Meel Publications 1999 ISBN 969-35-0738-X
  • Caroe, Sir Olaf, The Pathans, Oxford University Press, Karachi, 1958.
  • Herodotus (1920). Histories (på Greek and English). With an English translation by A. D. Godley. Cambridge: Harvard University Press. 
  • Hill, John E. 2003. "Annotated Translation of the Chapter on the Western Regions according to the Hou Hanshu". 2nd Edition: Through the Jade Gate to Rome: A Study of the Silk Routes, 1st to 2nd Centuries CE. 2015. John E. Hill. Volume I, ISBN 978-1500696702; Volume II, ISBN 978-1503384620. CreateSpace, North Charleston, S.C.
  • Hussain, J. An Illustrated History of Pakistan, Oxford University Press, Karachi, 1983.
  • Legge, James. Trans. and ed. 1886. A Record of Buddhistic Kingdoms: being an account by the Chinese monk Fâ-hsien of his travels in India and Ceylon (A.D. 399–414) in search of the Buddhist Books of Discipline. Reprint: Dover Publications, New York. 1965.
  • Shaw, Isobel. Pakistan Handbook, The Guidebook Co., Hong Kong, 1989
  • Watters, Thomas. 1904–5. On Yuan Chwang's Travels in India (A.D. 629–645). Reprint: Mushiram Manoharlal Publishers, New Delhi. 1973.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gandhara
Vidare lesing


Koordinatar: 33°45′22″N 72°49′45″E