Bumerangtåka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete av Bumerangtåka
Hubble-bilete av tåka teke gjennom polariseringsfilter

Bumerangtåka (teknisk nemning ESO 172- 7[1]) er ei protoplanetarisk tåka som ligg rundt 5000 lysår unna jorda i stjernebiletet Kentauren.[2] Tåka er kjend for å vera den kaldaste plassen i universet ein kjenner til (per 2003) med ein temperatur på -272°C.[2] Til samanlikning er bakgrunnsstrålinga i universet på -270°C. Tåka var per 2003 det einaste objektet ein kjende til som var kaldare en denne. Ei hurtig utviding har gjort det mogleg for tåka å bli so kald som ho er.[2]

Tåka blir danna av ein kraftig stjernevind som blæs ut frå sentralstjerna med ein fart på rundt 500 000 km/t Gjennom denne har ho missa so mykje som 1/1000 solmasse per år for 1500 år, noko som er 10-100 gonger meir enn i liknande objekt.[2]

Namnet kjem frå astronomane Keith Taylor og Mike Scarrott som observerte tåka gjennom eit større bakkebasert teleskop i Australia. Dei kunne ikkje sjå den same detaljrikdomen som Hubble-teleskopet seinare kunne, og for dei kunne tåka likna på ein bumerang.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fast Facts» - korte fakta om tåka på NASA si Hubble-heimesida.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «The Boomerang Nebula - the coolest place in the Universe?» Arkivert 2012-03-09 ved Wayback Machine. - ESA-pressemedling 20. februar 2003 om tåka.