Bygdøy allé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°55′6.9312″N 10°42′12.967″E

Bygdøy allé ved krysset med Thomas Heftyes gate.
Foto: Hans A. Rosbach

Bygdøy allé eller Bygdø allé er ei gate i Oslo mellom Solli plass («Lapsetorvet») og Europaveg E-18, Sjølystveien, ved avkøyringa inst i Frognerkilen til halvøya Bygdøy.

Gata er vidgjeten for kastanjetrea som står tett på kvar side på storparten av strekninga, og den årlege kastanjetrebløminga har vorte eit symbol på at våren enno ein gong er kome til Oslo.

Gata vart opparbeida i 1890 og gjeve namn året etter. Ho er ei av hovudgatene for trafikken frå sentrumsområda i Oslo og vestover. Fleire bussruter går gjennom gata. Forureininga frå trafikken har gjort skade på mellom anna kastanjetrea.

Mesteparten av Bygdøy allé ligg i stroket Frogner i Frogner bydel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]