C. Magne Rønnevig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Carl Magne Rønnevig (30. oktober 18741. mars 1970) var ein norsk lege og politikar frå Haugesund. Han representerte VenstreStortinget i 1913 og 1931-33.

Rønnevig var son til ein skipsreiar. Han vart cand.med. i 1900. Etter ei kort tid i Brunlanes, arbeidde han som lege i heimbyen Haugesund frå mars 1901. Dei neste 20 åra dreiv han eigen praksis i Haugesund, bortsett frå arbeids- og studieopphald ved Rikshospitalet, og ved sjukehus i København, Hamburg, Berlin, London og Stockholm. Våren 1921 vart Rønnevig utnend til stadsfysikus i Haugesund. Den 1. november vart hans oppsagt av nazi-styresmaktene. På ny stadsfysikus vel eitt år i 1945-46.

Rønnevig var bystyremedlem 1904-19 og 1925-37. Han var ordførar i Haugesund 1910-11 og varaordførar ei tid i 1913. I 1913 møtte han på Stortinget som var varamann for Valentin Valentinsen, medlem i Næringskomite nr 1. Valperioden 1931-33 representerte Rønnevig dei fem kjøpstadene i Vest-Agder og Rogaland, då medlem i Helsekomiteen. Han var elles ein pådrivar i samferdslespørsmål,som mangårig formann i ein komite som arbeidde for den såkalla Oddabanen skreiv han fleire avhandlingar og brosjyrer om Haugesund-Oddabanen. Frå 1910 var han formann han i Haugesunds permanente kommunikasjonskomite. Tida 1921-36 var han formann i Haugesunds fabrikktilsyn og 1937-46 formann i Arbeidsnemnda i Haugesund. 

Rønnevig var òg interressert i museumsarbeid, så han var mellom anna formann i Museums og Historielaget for Haugesund. Frå 1922 styremedlem i Nasjonalforeningen mot Tuberkulosen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]