Caliche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Calicheskog på San Miguel Island.

Caliche er ein porøs, sedimentær bergart danna ved utfelling av kalk (kalkspat) og/eller andre mineralsalt frå oppstigande grunnvatn på eller nær overflata i tørre strøk. Ein særleg type opptrer som leier av ureint chilesalpeter blanda med sand, gips, steinsalt, og ein heil del andre salt som delvis består av jodater, kromat og borat. Mektige caliche-avleiringar finst i eit belte ca. 700 km langt og frå 15 til 80 km breitt langs austskråningen av Andesfjella i ørkenstroka i det nordlege Chile. Ved reinsing utvinn ein hovudsakleg chilesalpeter, men òg ei rekkje andre produkt; til dømes det såkalla caliche jaune, som bl.a fører dei jodhaldige minerala lautaritt og dietzeitt, og ved raffinering gjev jod som eit verdifullt biprodukt.

I Noreg er det stadvis utvikla caliche-kalkstein mellom dei karbon-permiske lavastraumane i Oslofeltet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Caliche». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 14. februar 2014.