Calonectris
Calonectris | ||
![]() Gulnebblire (Calonectris diomedea) Foto: Tom Allmendinger
| ||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Aves | |
Orden: | Procellariiformes | |
Familie: | Procellariidae | |
Slekt: | Calonectris | |
Vitskapleg namn | ||
Calonectris
Mathews & Iredale, 1915
|
Calonectris er ei slekt av tre store lirer i stormfuglfamilien. Artane i denne gruppa er langvenga fuglar med mørk brun eller svart overside, og hovudsakleg kvit på undersida. Dei er pelagiske utanfor hekkesesongen og lever mest vanleg i tempererte og kalde farvatn. Akkurat som Puffinus flyg Calonectris-lirer med stive venger og nyttar ein «klippe»-teknikk for å segle over bølgjefrontar med eit minimum av aktiv flyging. Men fluktbildet ligg nærare albatrossar enn Puffinus-artane.
Calonectris-lirer er langdistansemigrantar. Kvitpannelira spreier seg frå austasiatiske hekkeøyar gjennom heile det vestlege Stillehavet og inn i det austlege indiske havet.
Dei lever av fisk, blekksprut og liknande oseanisk mat og kan følgje fiskebåtar for å ta utkast.
Artar[endre | endre wikiteksten]
Taksonomi for Calonectris-lirer er omdiskutert og kappverdelire er nyleg splitta ut frå gulnebblire. Det finst ei anna lireslekt, Puffinus, som omfattar om lag tjue små til mellomstore lirer. Procellaria, med fem andre store artar er vanlegvis kalla petrellar, sjølv om ein trur dei er nærare knytt til lirer enn til «eigentlege petrellar».
- Kvitpannelire, Calonectris leucomelas
- Gulnebblire, Calonectris diomedea
- Kappverdelire, Calonectris edwardsii
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger dels på «Calonectris» frå Wikipedia på engelsk, den 17. september 2009