Poseidonlire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gulnebblire)
Poseidonlire
Poseidonlire
Poseidonlire
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av poseidonlire
Utbreiinga av poseidonlire
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Calonectris
Art: Poseidonlire C. diomedea
Vitskapleg namn
Calonectris diomedea

Poseidonlire (Calonectris diomedea), tidlegare underarten C. d. diomedea av gulnebblire, er ei lire i stormfuglfamilien, Procellariidae, som lever i Middelhavet og Atlanteren, og hekkar på øyar i Middelhavet.

Denne lirearten er identifiserbar med storleiken, 44–49 cm i kroppslengd og 117–135 cm vengespenn. Poseidonlira har brungrå overside, rein kvit underside med mørk bakkant på vengene, og lyst, gulaktig nebb. Samanlikna med storlire, Puffinus gravis, manglar poseidonlira den brune bukflekken, mørke teikningar under vengene og tydeleg mørk hette slik som storlira har. Poseidonlira flyg lange strekk i glideflukt, jamvel i nesten vindstille, og alltid med nedbøgde venger og litt vinkla tilbake, i motsetnad til stive, rette venger i flukta til storlira. Inn i mellom tar ho 3-4 raske vengeslag.[1]

Poseidonlire-egg

Poseidonlira er kolonihekkar i bratte fjellskrenter på øyar og ved kysten av Middelhavet. Egglegging tar til i april månad. På seinsommaren og hausten, trekkjer dei fleste fuglane ut i Atlanterhavet, og overvintrar i Sør-Atlanteren. Dei kjem tilbake til Middelhavet i februar. Nokre fuglar trekker vidare inn i Indiahavet[2] og er t.d. sjeldne gjestar ved Madagaskar.[3]

Poseidonlira beitar på blekksprut og fisk, mest på overflata eller ved grunne dukk, dei kan dukke til 15 meter eller meir på jakt etter byttedyr. Dei følgjer lett fiskebåtar. Dette er ein sosial art, som kan sjåast i store mengder frå skip. Dei er stille på sjøen, men gjev håse, kaklande rop i hekkekoloniar.

Portugisarlire (Calonectris borealis) (Cory, 1881) var tidlegare rekna som same arten som poseidonlire. Ho har hekking avgrensa til øyar i Atlanterhavet, har litt større kroppslengd, mindre vengespenn, og eit tjukkare nebb.

Kappverdelire (Calonectris edwardsii) (Oustalet, 1883) var tidlegare rekna som ein underart av Calonectris diomedea, men har nyleg blitt skilt ut som ein eigen art (Snow & Perrins 1998). Kappverdelira er endemisk for Kapp Verde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Svensson, Lars et al (1999). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 82-05-25554-7.
  2. Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (rev. utg.), Viking, 2005
  3. Sinclair, Ian; Olivier Langrand (2003). Birds of the Indian Ocean Islands. Struik. s. 38. ISBN 9781868729562. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]