Calum Maclean

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Calum Maclean
Fødd6. september 1915
Raasay
Død17. august 1960
NasjonalitetStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Yrkeantropolog, folklorist
Alma materUniversity of Edinburgh

Calum Iain Maclean (skotsk-gælisk Calum Iain MacGillEathain; 6. september 191517. august 1960), var ein skotsk folklorist, innsamlar, etnograf og forfattar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Frå Òsgaig.

Maclean var fødd i Òsgaig (Oskaig) på Raasay mellom Skye og Fastlands-Skottland, i ein syskenflokk som omfatta fem gutar og to jenter. Far hans var Malcolm MacLean (1880-1951), som var skreddar. Mor hans, Kirsty (1886-1974), var dotter av Sorley Mor Nicolson frå Braes på Skye og kona hans Ishabel.

Dei fire brørne til Maclean var den kjende gæliske diktaren og lærde, Sorley MacLean [Somhairle MacGill-Eain] (1911-1996), skulemeisteren og den klassiske lærde, John Maclean (1910-1970), og to legar, dr. Alasdair Maclean (ca. 1918-1999) og dr. Norman Maclean. Alasdair var òg historikar. Ishabel og Maria, systrene hans, var òg lærarar.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Maclean fekk den tidlege utdanninga si på Raasay Primary School og deretter ved Portree High School (1929-1935) på Skye. Deretter studerte han ved University of Edinburgh (1935-1939), der han fekk ein first i keltiske studiar under rettleiing av to berømte forskarar i gælisk, professor William J. Watson (1865-1948) og sonen, hans professor James Carmichael Watson (1910-1942). Han vann McCaig- og Macpherson-stipend, slik at han kunne bli student ved University College Dublin og studera gammalirsk under professor Osborn Bergin (1872-1950) og mellomaldersk og moderne walisisk under professor J. Lloyd-Jones (1885-1965).

Folklore[endre | endre wikiteksten]

Ved utbrotet av andre verdskrigen blei studiane til Maclean avbrotne, og han måtte finna ein måte å tena til livsopphald på. Han arbeidde fyrst i ein fabrikk i Clonmel i County Tipperary, og deretter drog han til Inverin, like vest for Galway i Connemara. Medan han budde der byrja Maclean fatta interesse for den lokale irske folkloren, inspirert av den gæliske gjenoppvekkinga og verka til Douglas Hyde (1860-1949). Maclean tileigna seg relativt lett den irske dialekten frå Connaught, og blei utnemnd av professor Séamus Ó Duilearga (1899-1980) som innsamlar på deltid for den irske folklorekommisjonen (Coimisiún Béaloideasa Éireann).

Som alle andre medlemmar av familien sin var MacLean oppseda i den frie presbyterianske kyrkja, som bror hans Sorely seinare skildra som «den strengaste av kalvinistisk fundamentalisme».[1] Men medan han budde i Connemara avviste han den strenge kalvinistiske oppdraginga sin og konverterte til katolisismen. Frå august 1942 til februar 1945 sende Maclean ei betydeleg mengde historie i den lokale Conamara Theas-dialekt til Kommisjonen, som utgjorde seks bind. Frå mars 1945 vart Maclean sysselsett som katalogist av Kommisjonen i Dublin. I løpet av dei neste månadane lærte Maclean det vitskapelege handverket kring folklore, og studerte trykte skotsk-gæliske sogesamlingar frå 1800-talet.

Irish Folklore Commission[endre | endre wikiteksten]

19. desember 1945 sende Irish Folklore Commission Calum Maclean til Hebridane med ein fonograf til å ta opptak med. Kommisjonen hadde tenkt å finansiera minst eitt forsøk på ei vitskapleg innsamling folklore før dei siste skotsk-gæliske forteljarane og tradisjonelle songarane som hadde overlevd den tvangsmessige angliseringa gjennom Education Act 1872 var forsvunne. Maclean var fullt klar over den store oppgåva som stod framfor han, og la ned stor innsats i det med glede.

Det var klart frå dei preliminære samlingane til Maclean (hovudsakleg frå slektningane sine) på Raasay at det var mykje å samla framover, og i lyset av dette bestemte den irske folklorekommisjonen seg i 1946 for å senda Maclean tilbake til Gàidhealtachd for å halda fram arbeidet sitt. Dette blei gjort mulig gjennom eit offisielt bidrag frå den irske staten på 2000 pund. I løpet av dei neste fire og eit halvt åra (frå juni 1946 til slutten av desember 1950), medan han arbeidde for kommisjonen, arbeidde Maclean jamt med å samla inn til nitten band av kunnskap (til saman over 9000 manuskriptsider). Han skreiv også dagbøker, til saman fem band (over 2000 manuskriptsider). Det var i denne perioden at Maclean samla den lengste historia som nokon gong er samla inn Skottland, dei 58 000 orda til Alasdair mac a' Cheird (Alasdair son av Caird), som blei fortald til han i 1949 av Angus MacMillan. Denne var nesten dobbelt så lang som den føre «rekorden» på 30 000 ord i Leigheas Coise Cein (Lækjinga av foten til Kane), som blei samla inn frå Lachlin MacNeill frå Islay av John Francis Campbell og Hector Maclean i 1870.

School of Scottish Studies[endre | endre wikiteksten]

På nyttårsdagen 1951 byrja Maclean formelt å arbeida for den nyoppretta School of Scottish Studies ved alma materet hans, University of Edinburgh. Etter at han fekk denne langvarige institusjonelle stillinga, byrja den systematiske samlinga av skotsk-gælisk og skotsk folklore for alvor gjennom ivrig arbeid av Calum Maclean, den fyrste tilsette samlaren ved skulen, Hamish Henderson (1919-2002) og John MacInnes (1930-2019), for å nemna berre nokre få, og etterfølgjarane deira. Dei fyrste opptaka han gjorde for skulen inkluderte ikkje mindre enn 524 gæliske historier frå ein vegarbeidar som han møtte «midt på vinteren, og Lochaber låg kvit og djupt i snø». Dei siste innsamlingane Maclean gjorde fann bokstaveleg stad då han låg dødssjuk.

Maclean var litt over eit år (frå sommaren 1951 til hausten 1952) ved Uppsala universitet i Sverige og studerte profesjonell folkeminnesamling. Universitetet var då, som no, ein forløpar innan metodologi, katalogisering og arkivteknikk for folklore. Maclean fekk mykje nytte av det han lærte ved denne institusjonen. Etter å ha studert under professor Dag Strömbäck sette han opp ein indekssystem for skotsk folklore ved School of Scottish Studies som bygde på systemet ved Uppsala. Maclean si erfaring med feltarbeid, djupe kunnskap om gælisk munnleg tradisjon og breie akademisk kunnskap gav han ein unik kombinasjon av ferdigheiter som gjorde innsamling enklare. Han hadde også gode evner til å få folk til å føla seg til og dermed vinna tilliten deira. Gjennom denne evna til å oppretta kontakt og vera audmjuk klarte Maclean å finna ei rekkje kontakter og tradisjonsberarar, og samla ei enorm mengd materiale rett frå folk sine minne. Av dei hundre menneska som Maclean samla inn frå var det fire forteljarar som han rekna som særleg talentfulle: Seumas MacKinnon, kjend som Seumas Iain Ghunnairigh (ca. 1866-ca. 1957), frå Northbay i Barra, Duncan MacDonald, Donnchadh Mac Dhòmhnaill 'ic Dhonnchaidh, (1882-1954), frå Peninerine på South Uist, Angus (Barrach) MacMillan (1874-1954) frå Griminish på Benbecula og John (The Bard) MacDonald (1876-1964) frå Highbridge i Brae Lochaber.

Død og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Maclean fekk ein kreftdiagnose i 1956, og måtte amputera venstre arm året etter. Han heldt fram med å arbeida. Den einaste store utgjevinga hans, The Highlands (1959), fekk mange gunstige meldingar. Bortsett frå nokre akademiske artiklar og populære publikasjonar den viktigastea arven etter Maclean den store samlinga hans av hovudsakleg gælisk munnleg tradisjonsstoff som blei utført frå 1946 til 1960. Støstredelen av samlinga blei utført laga på dei Ytre Hebridane (South Uist, Benbecula og Barra) og i Det skotske høglandet. Maclean var alltid klar over at han følgde etter dei store samlarane som hadde vore før han: John Francis Campbell (1821-1885), Hector Maclean (1818-1892), John Dewar (1802-1872), Alexander Carmichael (1832-1912), Allan MacDonald (1859-1905) og andre.

Calum Maclean døydde av kreft då han var 44 år på Sacred Heart Hospital i Dalíburgh på South Uist.[2] I september dette året skulle han ha motteke ein LL.D. frå St. Francis Xavier University i Antigonish i Nova Scotia, ein institusjon med svært sterke tilknytningar til Gàidhealtachd., som ei anerkjenning av arbeidet hans med å ta vare på den gæliske munnlege litteraturen. Han blei gravlagd i Hallan Cemetery på South Uist. Bror hans, Sorley MacLean, skreiv ein rørande elegi som for mange var ein symbol på det store tapet ein opplevde då han døydde.

Tha iomadh duine bochd an Albainn
dhan tug thu togail agus cliù;
’s ann a thog thu ’n t-iriosail
a chuir ar linn air chùl.
Thug iad dhutsa barrachd
na bheireadh iad do chàch
on thug thu dhaibh an dùrachd
bu ghrìosaich fo do bhàigh.
Mhothaich iadsan an dealas
a bha socair na do dhòigh,
thuig iad doimhne throm do dhaondachd
nuair b’aotroime do spòrs.

There is many a poor man in Scotland
Whose spirit and name you raised;
You lifted the humble
Whom our age put aside.
They gave you more
Than they would give the others
Since you gave them the zeal
That was a fire beneath your kindness
They sensed the vehemence
That was gentle in your ways,
They understood the heavy depths of your humanity
When your fun was at its lightest.

Kronologisk bibliografi i utval[endre | endre wikiteksten]

  • 'Traditional Songs from Raasay and their value as Folk-Literature', The Transactions of the Gaelic Society of Inverness, vol. XXXIX/XL (1942–50), 176-92
  • 'Sgéalta as Albain', Béaloideas: The Journal of the Folklore of Ireland Society, vol. XV (1945), 237-48
  • 'Gaidheil Eireann agus am Beul-Aithris', Alba, vol. 1 (1948), 44-47
  • 'Hebridean Storytellers', ARV: Journal of Scandinavian Studies, vol. 8 (1952), 120-29
  • 'Tales and Traditions among the Older Folk', Old People's Welfare Scottish Bulletin (July, 1954)
  • 'Death Divination in Scottish Folk Tradition', The Transactions of the Gaelic Society of Inverness, vol. XLII (1953–59), 56-67
  • 'Aonghus agus Donnchadh', Gairm, air. 10 (An Geamhradh, 1954), 170-74
  • 'A Legend of the Cross,' ARV: Journal of Scandinavian Studies, vol. 11 (1955), 150-51
  • 'Hebridean Traditions', Gwerin: Journal of Folk life, vol. 1, no. 1 (1956), 21-33
  • 'A Shetland Version of the Legend of Don Juan', Shetland Folk Book, vol. 3 (1957), 65-67
  • 'Am Ministear agus an Claban', Scottish Studies, vol. 1 (1957), 65-69
  • 'International Folk-Tales in the Archives', Scottish Studies, vol. 2 (1958), 113-17
  • 'A Folk-Variant of Táin Bó Cúailnge from Uist', ARV: Journal of Scandinavian Studies, vol. 15 (1959), 160-81
  • 'A Variant of the Charm of the Lasting Life from Uist', Saga och Sed (1959), 75-78
  • 'An Donn Ghuailleann', Gairm, air. 29 (Am Foghar, 1959), 67-71
  • The Highlands (London: Batsford, 1959) [repr. Inverness: Club Leabhar, 1975; Edinburgh: Mainstream, 1990, 2006]
  • 'Traditional Beliefs in Scotland', Scottish Studies, vol. 3 (1959), 189-200
  • 'A Collection of Riddles from Shetland', Scottish Studies, vol. 4 (1960), 150-86 [with Stewart F. Sanderson]
  • 'Fairy Stories from Lochaber', Scottish Studies, vol. 4 (1960), 84-95
  • 'The Study of (the) Folklore', An Gaidheal, vol. 55 (1960), 80-82; 104-06; 117-18
  • 'Is daor a cheannaich mi 'n t-iasgach', Scottish Gaelic Studies, vol. IX, pt. 1 (1961), 1-8
  • 'Folktale Studies in Scotland', Internationaler Kongreß der Volkserzählungsforscher in Kiel und Kopenhagen (19.8.—29.8.1959) (Berlin, 1961), 169-71
  • 'The Last Sheaf', Scottish Studies, vol. 8 (1964), 193-207

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. MacLean, Sorley (1 November 1994). «Hallaig». PN Review 21 (2): 10. 
  2. «Obituary. Mr C. Maclean. Celtic Folk-Lore Studies». The Glasgow Herald. 17 August 1960. s. 7. Henta 3 April 2018.