Camilla Henemark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Camilla Henemark
Camilla Henemark 1993.jpg
Fødd23. oktober 1964
FødestadStockholm i Sverige
FødenamnCamilla Maria Skog Henemark
AliasLa Camilla og LaCamilla
OpphavSverige
AktivOm lag 1980–i dag
SjangerPop
Tilknytte artistarArmy of Lovers
Verka somSongar, skodespelar, modell, politisk aktivist og førelesar

Camilla Maria Skog Henemark (fødd 23. oktober 1964 i Stockholm), òg kalla La Camilla eller LaCamilla, er ein svensk songar, skodespelar, modell, politisk aktivist og førelesar. Ho er best kjend som vokalist i gruppa Army of Lovers.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Henemark er dotter av frisøren Gerd Henemark og ein brittisk-nigeriansk advokat. Foreldra møtte kvarandre i England, men Camilla Henemark blei fødd og voks opp i Sverige.[1] Henemark flytta 16 år gammal til eit bukollektiv og byrja studera teater ved Kulturama.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Modellkarriere[endre | endre wikiteksten]

Henemark blei oppdaga som fotomodell av Sighsten Herrgård ved ei motevising på Beckmans.[1] På 1980-talet arbeidde ho som modell sjølv og dreiv i tillegg modellbyrået «ZOO – People & Models». I november 1988 var ho avbilda på framsida av engelske trendmagasinet i-D.

Musikalsk karriere[endre | endre wikiteksten]

Camilla Henemark byrja i musikbranssjen i 1984 som bakgrunnssongar i konseptet Per Cussion All Stars. Nokre år seinare møtte ho disco-transvestitten Barbie (alias Alexander Bard). Ho blei dansar for denne då han byrja samarbeida med frisøren og sminkøren Jean-Pierre Barda. I august 1987 danna desse tre og designeren Camilla Thulin musikkgruppa Army of Lovers. Gruppa hadde stor suksess tidleg på 1990-talet, særleg i Europa, men også i resten av verda. Etter interne kranglar forlét Henemark gruppa i november 1991. Ho har opptredd åleine og samarbeid med artistar som Orup, E-Type, Stakka Bo og Steve Blame. Då etterfølgjaren hennar i Army of Lovers, Michaela de la Cour, forlét gruppa vende Henemark tilbake til gruppa ei kort tid. Army of Lovers blei oppløyst i september 1996 men er blitt gjenoppretta i korte tidsrom i 2001, 2008 og 2013, då gruppa deltok i Melodifestivalen 2013 med songen «Rockin’ The Ride».[2]

Sidan 2011 har Henemark vore medlem i popgruppa Happy Hoes.

Anna verksemd[endre | endre wikiteksten]

Henemark har medverka i fleire TV-program, spelefilmer, teaterstykke, debattar, radioprogram, TV-såper og i aviser. I 1994 var ho mellom anna programleiar for ein erotisk TV-serie, Sjunde himlen, på svensk TV3. I 1995 spelte ho i Fyra friares fiasko (Love's Labour's Lost) av Shakespeare på Gripsholms slott. I 1997 hadde ho ei rolle i TV-serien Kenny Starfighter. I 2012 deltok ho i Let's Dance på TV4.

Henemark har verka som førelesar for Nationell prevention av suiciditet och psykisk ohälsa (NASP)[3] der ho har teke for seg emne som ADHD, psykiske lidingar og sjølvmordstankar med utgangspunkt i eigne erfaringar.[4][1]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Camilla Henemark gifta seg med regissøren Anders Skog i 1988, men dei blei seinare skilde. Ho har også hatt eit langt kjæraste- og vennskapsforhold med Stakka Bo (Johan Renck).[1]

I boka Carl XVI Gustaf - Den motvillige monarken frå 2010 vart det hevda at Camilla Henemark hadde hatt eit forhold til kong Carl XVI Gustaf av Sverige i 1990-åra. Henemark gav i oktober 2012 ut ei memoarbok der ho mellom anna kommenterte påstanden.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Camilla Henemark kan själv». SvD.se. 25. mars 2012. Henta 27. november 2012.  Parameteren |language= er ikkje støtta av malen. (hjelp)
  2. «De tävlar i Melodifestivalen 2013 – här är alla artister». Sveriges Television. 26. november 2012. Henta 27. november 2012.  Parameteren |language= er ikkje støtta av malen. (hjelp)
  3. NASP, Stockholm
  4. Camilla Henemark: «Jag funderade på självmord», Expressen, 10. september 2010