Gripsholms slott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Gripsholms slott er eit kongeleg slott ved Mälaren, like utom den gamle bykjerna i Mariefred i Strängnäs kommune i Sverige. Slottet har den svenske staten som eigar, og vert forvalta av det statlege eigedomsverket. Til slottsområdet høyrer, attåt sjølve slottsbygningen, òg mellom anna Gripsholms kongelåve og ein hjortepark.[1]

Gripsholms slott inneheld den svenske staten si portrettsamling med over 5 000 verk, med døme på portrettkunst frå 1500-talet og fram til notida. Samlinga vart grunnlagd i 1820. Sidan 1860-talet har Nationalmuseum hatt ansvar for portrettsamlinga.

Plasseing[endre | endre wikiteksten]

Slottet ligg vid Gripsholmsfjärden i Mälaren, på det som opphavleg var ein cirka 400 meter lang og 150 meter brei holme. Gjennom års har området kring borga vorte tørrlagt. Slottsholmen vert skilt åt av ei vollgrav med vindelbru. Under visse periodar har vollgrava vore fylld igjen, men den vart i opna att i samband med ein større renovering av slottet på 1890-talet.

Rett nord om sjølve slottet på den så kalla Rännarbanan, står nokre runesteinar som fortel om det såkalla «Ingvarståget». Noko lengre nord finst fleire driftsbygningar som har tilhøyrt jordbruket til slottet.

Slottet er eldre enn den næraliggande byen Mariefred og ligg innanfor det området som fram til 1952 var Kärnbo sokn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Slottet på avstand
Indre borggarden med slottsbrønnen

Vasaslottet Gripsholm[endre | endre wikiteksten]

Eksistensen til klosteret vart kortvarig. År 1526 vart Pax Mariae det første klosteret som vart inndrege av Gustav Vasa. I desember 1525 gjorde han krav på godset som arving til Sten Sture den eldre, som hadde donert garden til klosteret med vilkåret at garden skulle gå attende til rette arvingane om klosteret eller jorda ikkje lengre vart halde ved hevd. Kravet vart legitimert av riksrådet i januar 1526.

Gustav Vasa lét riva borga og i byrjinga av 1537 oppførde han eit slott, med hjelp av arkitektane Henrik von Cöllen og Fredrik Nussdorffer. Slottet vart bygt i tegl og det kravde ei stor mengd murarar for å klare det store byggearbeidet. I 1539 var Måns Höck ansvarleg murarmeister, som den fremste av 20 murarmeistarar som då var verksame ved slottsbygginga.

Slottet som fengsel[endre | endre wikiteksten]

Gripsholms slott har ved fleire høve vorte nytta som fengsel. To av Gustav Vasas søner, kongane Erik XIV og Johan III, var begge fengsla der. Den avsette kongen Gustav IV Adolf var brorparten av det siste året sitt i Sverige, 1809, i fangeskap på Gripsholm. Mellom 1597 og 1610 var det 35 stats- og krigsfangar på slottet.


Griptornet
Fengselstårnet

Gustaf III:s teater[endre | endre wikiteksten]

På øvste salen finst teateret som Gustaf III lét bygga 1781–1782. Plassen hadde tidlegare, fram til 1738, vorte nytta som slottskyrkje. Kongen hadde engasjert ein fransk teatergjeng som trong ein scene ved hoffet. Oppdraget å skapa teateret fekk arkitekten Erik Palmstedt, nyleg heimkomen etter ei to år lang reise i Tyskland, Holland, Frankrike og Italia. For å skapa plass for både scene og salong vart Dronningsfløya påbygd med tre høgder, så den kom i nivå med teateret. Torn-rundellen vart salong medan den påbyggda delen av Dronningsfløya vart scene og garderobar.

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Interiør og eksteriør[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gripsholms slott och slottsområde». Statens fastighetsverks webbplats. Arkivert frå originalen 13 februari 2016. Henta 21 maj 2016.