Camille Desmoulins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Camille Desmoulins
Camille Desmoulins, Musée Carnavalet.jpg
Fødd2. mars 1760
Guise
Død5. april 1794
Paris
Statsborgar avFrankrike
PartiCordelierklubben
Yrkejournalist, politikar, advokat
Utdanna vedLycée Louis-le-Grand
EktefelleLucile Desmoulins

Benoît Camille Desmoulins (2. mars 17605. april 1794) var ein fransk advokat, journalist og politikar, fødd i Guise. Han var allereie frå 1789 ein av dei leiande aktørane under den franske revolusjonen, jamnast ein alliert av Georges Danton. Begge vart avretta då den såkalla Velferdsnemnda slo til mot dantonopposisjonen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Desmoulins studerte jus i Paris og var deretter advokat i byen. Tidleg gjorde han seg til talsmann for opplysningsfilosofien. Ved Palais Royal den 12. juli 1789 heldt han ein flammande tale som oppelda folkemengda. Med oppropet «Til våpen!» utløyste han ei formidabel rørsle som to dagar seinare løyste ut Storminga av Bastillen. På Bastillen forkynte han kravet om fridom og likeverd. Gjennom det påverknadsrike bladet Revolusjonen i Frankrike og Brabant fremja han ideen om at suvereniteten ligg hos folket er den einaste akseptable forma for konstitusjon.

Desmoulins var aktiv frimurar og medlem av den såkalla filosofi-losjen Neuf Soeurs i Paris. Han var ein av grunnleggjarane av Cordelier-klubben og motstandar av gironden. Sjølv om han var ein av venene til Maximilien Robespierre, kjende han seg meir knytt til dei ideane Danton målbar. Han slutta såleis fullt ut opp om Danton, og var delaktig både ved stormen mot Tuileriane i august 1792 og september-morda like etter.

Under nasjonalkonventet røysta Desmoulins for å døme kongen til døden. Sjølv om han høyrde til det såkalla Berget, var han høgt akta av gironden. Saman med Danton prøvde han å få i stand ei forsoning mellom dei to blokkene. Då det mislukkast skulda Desmoulins motparten for å vere anti-revolusjonær, og det enda med at gironden hamna på skafottet hausten 1793.

I same ånd gav Desmoulins i januar 1794 ut bladet Vieux Cordelier. Med intelligens, vidd og bitande satire portretterte han i bladet skrekkveldet og mana i staden til sann fridom, måtehald og ei fornuftig, lovstyrt forvaltning. Særleg angreip han Jacques-René Hébert, som han skulda for å ville gjenopprette monarkiet. Under sterkt press frå dei radikale i Velferdsnemnda, til dømes Jacques-Nicolas Billaud-Varenne som ville brenne alle utgåvene av Vieux Cordelier, vart Desmoulins og Danton arresterte 30. mars 1794 på ordre frå Robespierre.

Desmoulins, som opphavleg var tilhengar av ein radikal kurs, vart ei veke etter arrestasjonen avretta saman med Danton og fleire andre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]