Canyon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bryce Canyon i Utah

Ein canyon (via engelsk, av spansk cañón, 'røyr, trakt')[1] er ein dal med steile sider som er oppstått ved at ei elv har grave seg ned gjennom hard berggrunn. Dei blir ofte danna av elver i dei øvre løpa sine der straumen deira er sterk og rask.[2] Ordet blir brukt om store dalar av denne typen, medan mindre dalar blir kalla gjel eller juv.

Verdas mest kjende canyon er Grand Canyon i USA,[3] som har rundt 1,6 km høge dalsider.[4] Det finst lengre og djupare canyonar i Kina, Nepal og Peru. I Noreg er det fleire mellomstore canyonar. Sautso ved Alta er den mest kjende i Noreg.[3] Han er ca. 400–425 meter djup og 7,5 km lang og ligg øvst i Altaelva i Finnmark.

Sautso

Ein annen kjend norsk canyon er Jutulhogget, som er 100–240 meter djup og 2,5 km lang. Han går frå Østerdalen til Rendalen og stammar fra slutten av den siste istida.

Hellemojuvet ved Tysfjorden i Nordland er også kjend. Han er forma av Hellemoelva.

Det blir også danna gjel med liknande form på kontinentalsoklar eller kontinentskråningar under havoverflata. Desse er danna gjennom utrasing og suspensjonsstraumar eller turbiditetsstraumar.[3] Sidene i desse gjela kan vera fleire tusen meter høge.[4] Grand Bahama Canyon har nesten 5 km høge sider.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «canyon» i Nynorskordboka.
  2. «Canyon | geology», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 2. september 2021 
  3. 3,0 3,1 3,2 «canyon». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 18. september 2020. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Submarine canyon | geology», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 2. september 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Canyon