Jutulhogget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°0′4.1256″N 10°55′11.006″E

For stader med same namn, sjå Jutulhogget (fleirtyding)
Jutulhogget.

Jutulhogget i Østerdalen er ei 2,4 km lang kløft mellom Glomma og Tylldal i Nord-Østerdal i Alvdal kommune og Rendalen kommune i Hedmark fylke, ei av dei lengste kløftene i Nord-Europa. I vest endar Jutulhogget i ein botn, i aust nede ved elva Tysla.

Det finst mange segner frå staden. Det vanlegaste opphavssegnet handlar om fiendskap mellom Rendalsjutulen og Alvdalsjutulen. Dette vart fortalt opp att i ei biletbok av Helge Ness i 1978.Eit anna segn er gjengitt av Jacob Breda Bull i romanen Jutulskaret. Segna om Tater-Kristen vart filmatisert under tittelen Tater Kristen i 1991.

Danning[endre | endre wikiteksten]

Jutulhogget vart danna i slutten av siste istid for 9200 år sidan av den raske tappinga av Nedre Glomsjø.Nedre Glomsjø var ein bresjø demmd opp av isbreane. Desse gav etter ved Barkaldkjølen, og om lag 100 km³ vatn rann over og grov seg ned i Jutulhogget dei neste 2 - 3 vekene. Noko av vatnet rann til Sverige, resten rann mot Øyeren, men vart ståande ei tid over Romerike. Her vart det utgravne fjellet sett av som romeriksmjelen [1].

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Helge Næss: Jutulhogget, ei dramatisk framstilling av segna om korleis Jutulhogget vart til 1978.
  • Per Jørgensen, Rolf Sørensen og Sylvi Haldorsen (1997) Kvartærgeologi, 2. utgåva Tun Forlag, ISBN 978-82-529-2107-6