Cardinalis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cardinalis
Ørkenkardinal, Cardinalis sinuatus Frå Tucson Mt. Park, Arizona Foto: Don Faulkner
Ørkenkardinal, Cardinalis sinuatus
Frå Tucson Mt. Park, Arizona
Foto: Don Faulkner
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Kardinalar Cardinalidae
Slekt: Cardinalis
Bonaparte, 1838

Cardinalis er ei lita biologisk slekt av tre fargerike fugleartar som er medlemmer av kardinalfamilien, Cardinalidae. To artar, raudkardinal og ørkenkardinal, lever i sørlege Nord-Amerika, sinoberkardinal lever i nordlegaste Venezuela inkludert øya Margarita, og litt inn i Colombia.

Det karakteristiske for Cardinalis-artane er svært oppreiste fjørtoppar, kraftige, koniske nebb og lange halar. Dei syner kjønnsdimorfisme i fjørdrakt og storleik, ved at hannar har friske, raudlege farger, hoer er noko meir avdempa i brunleg, gråleg og bleik gulbrunt. Storleiken er frå 19 til 23,5 centimeter i kroppslengd, hoer er litt mindre enn hannar.

Tørre og opne til halvopne habitat er føretrekte. Dei to nordlegaste artane kan leve i opptil 2000 moh. og har hovudsakleg vegetabilsk føde på menyen, medan sinoberkardinal kan ete virvellause dyr i tillegg til frukt og frø.

Dette er standfuglar. Dei er klassifiserte som livskraftige artar av IUCN.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Cardinalis i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Sinoberkardinal, Cardinalis phoeniceus, Vermilion Cardinal, Bonaparte, 1838, (LC)
  • Raudkardinal, Cardinalis cardinalis, Northern Cardinal, Linné, 1758, (LC)
  • Ørkenkardinal, Cardinalis sinuatus, Pyrrhuloxia, Bonaparte, 1838, (LC)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. september 2017 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Cardinalis