Carl Edvard Aas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl Edvard Aas
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. november 1816
Død

6. april 1876 (59 år)

Carl Edvard Aas (5. november 18166. april 1876) var ein norsk kontorist og stortingsmann frå Røros.

Aas var son til ein byggmeister og proviantskrivar. Sjølv arbeidde han frå ung alder på kontoret til Røros koparverk, frå 1840 til 1871 var han hytteskrivar ved Eidet-hytta (gruva). I om lag 20 år var han ordførar i Holtålen og Ålen, dessutan var han forlikskommissær.

Aas representerte Søndre Trondhjems amtstortinget 1859-60, stortinget 1862-63 og på omframtstortinget 1864. Han var frå 1859 til -63 medlem i Næringskomite nr 1, medan han i 1864 var med i komiteen om senking av innsjøen Øyeren.

Siste leveåra budde Aas i Singsås.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]