Carl Paul Caspari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Paul Caspari
Carl Paul Caspari.jpg
Fødd 8. februar 1814
Dessau
Død 11. april 1892
Christiania
Nasjonalitet Noreg
Yrke lærar, essayist, historikar, omsetjar, teolog, universitetslærar, bibelomsetjar
Barn Theodor Caspari
Medlem Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Det Norske Videnskaps-Akademi
Carl Paul Caspari
Gravstein over Caspari på Vår Frelsers gravlund i Oslo.

Carl Paul Caspari (18. februar 181411. april 1892) var ein tysk-norsk teolog og professor ved Universitetet i Oslo. Han var far til Theodor Caspari.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Caspari var fødd i Dessau i Tyskland. Han hadde jødiske foreldre og voks opp med hebraisk språk og jødisk teologi. I studietida vart han påverka av Franz Delitzsch og konverterte til kristendommen i 1838.

I 1846 vart Caspari kjend med Gisle Johnson, som oppfordra han til å søkje på eit ledig lektorat i teologi ved Universitetet i Oslo. Denne stillinga fekk han i 1847 og vart fast tilsett i 1848. Han vart teologiprofessor i 1859.

I 1862 gav han saman med Gisle Johnson ut ei norsk oversetjing av Konkordieboka, som kom i nytt opplag i 1866, og seinare i fleire opptrykk.

Caspari var eit stort språkleg talent. Han verka ikkje som forkynnar, men brukte kreftene sine i polemikk mot den delen av grundtvigianismen som meinte trusvedkjenninga var eldre enn Det nye testamentet. Caspari arbeida ivrig for å halde på det lutherske skriftprinsippet. Mange av publikasjonane hans finst i «Theologisk Tidsskrift» i perioden 1858-1881.

I Oslo er Casparis gate oppkalla etter Carl Paul Caspari, den er på Ila og fekk namnet sitt i 1901 og går frå Akersbakken til Waldemar Thranes gate.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Grammatica Arabica, del 1 og 2 (1844, 1848)
  • Abrahams prøvelse (1871)
  • Abrahams kaldelse (1872)
  • Populære foredrag over bogen Daniel (1877)
  • Den gammeltestamentlige skrifts historie (1881)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]