Carl Severin Bentzen
Carl Severin Bentzen | |
Fødd | 13. september 1882 Ringerike kommune |
---|---|
Død | 1956 (73 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | fagforeiningsleiar, politikar |
Carl Severin Bentzen (13. september 1882–10. oktober 1956), til dagleg C.S. Bentzen, var ein skreddarmeister og politikar frå Hønefoss. Han representerte einmannskrinsen Kongsberg, Hønefoss og Notodden på Stortinget 1919-21. Han vart vald for Arbeidarpartiet.
Han tok svenneprøven i 1904 og fekk i 1911 handverkarborgarskap i heimebyen. Bentzen var med i formannskapet for Hønefoss frå 1913 til -22, ordførar 1916-19. Åra 1923-25 var han borgarmeister (rådmann) i bykommunen. Stortingsperioden 1919-21 sat han på Stortinget for Arbeidarpartiet, var då sekretær i Næringskomite nr.2. Frå 1931 var han atter formannskapsmedlem i Hønefoss, ein poisjon han mista då NS tok styringa over kommunen. Ordførar i Hønefoss i 1946.
Bentzen var landsstyremedlem 1915-18 i Arbeidarpartiet. Han var medlem i Apotekkomiteen av 1919 og i Den sivile forsvarskommisjon av 1920. Lokalt var han formann i forsorgsstyret i Hønefoss og i ni år fylkesformann i Buskerud-avdelinga av Det Norske Totalavholdsselskap.
Den 19. september 1944 vart Bentzen arrestert for å ha delteke illegale aktivitetar; Han sat fengsla på Grini til 28.november, deretter i Akershus landsfengsel til han slepte fri den 9. mai 1945.