Carl Steen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl Steen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. oktober 1825
Lom kommune
Død

15. juni 1874 (48 år)

Yrke politikar, jurist, skribent
Språk norsk

Carl Johan Severin Steen (12. oktober 182515. juni 1874) var ein norsk sorenskrivar fødd i Lom i Oppland, stortingsrepresentant i 1874.

Steen var son til ein sokneprest. Han vart student i 1843 og cand.jur. i 1851. Dei neste fire åra var han fullmektig hos sorenskrivar. Frå 1856 var han overrettssakførar i Førde, ei tid konstituert fut i Sunnfjord.

Steen var åra 1870-73 ordførar i Førde og samstundes amtsrevisor i Nordre Bergenhus amt. På valtinget 1873 i amtet vart han kåra til stortingsmann. Han møtte 1874-sesjonen på Stortinget og var medlem i budsjettkomiteen. Allereie 18. april 1874 vart han permittert grunna sjukdom. To månader seinare døydde han, ugift.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]