Carlos Alberto Torres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Carlos Alberto Torres
Carlos Alberto Torres.jpg
Fødd 17. juli 1944
Rio de Janeiro
Død

25. oktober 2016
Rio de Janeiro

Yrke fotballspelar, fotballtrenar, sportskommentator
Carlos Alberto Torres på Commons

Carlos Alberto Torres (17. juli 194425. oktober 2016) var ein brasiliansk fotballspelar, fødd og død i Rio de Janeiro. Han var kaptein på Brasil sitt vinnarlag under Fotball-VM 1970 i Mexico. Midtstopparen spelte 53 landskampar for Brasil i tida 1964-77 og skåra åtte mål, mellom andre det siste målet i VM-finalen 1970.

Carlos Alberto var Fluminense-spelar frå 1963 til 1966. I 1966 flytta han til Santos og var lagkamerat med Pele i åtte år. I 1974 returnerte han til Fluminense, der han var med å vinne to delstatsmeisterskap. Etter ein sesong på Flamengo, fylgde han pengane og reiste til USA. Perioden 1977-82 spelte han på New York Cosmos, minus ein sesong i California Surf.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]