Santos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Santos
by
Panoramica Santos.jpg
Flagg
Våpenskjold
Land Flag of Brazil.svg Brasil
Stat São Paulo

Santos
23°56′1″ S 46°19′43″ W
Wikimedia Commons: Santos

Santos er ein hamneby og kommune i delstaten São Paulo i søraustregionen av Brasil.[1] Byen ligg delvis på øya São Vicente og delvis på fastlandet. Han er hovudbyen i storbyregionen Baixada Santista.[2] Folketalet er 433 656 (est. 2020), på eit areal som dekkjer 280,67 km².[3]

Santos blei skipa i 1546 av den portuguisiske adelsmannen Brás Cubas.[4] I byen ligg eit kaffimuseum, på ein stad der ein tidlegare slo fast kaffiprisar på verdsbasis. Det finst også eit fotballminnesmerke til ære for dei største fotballspelarane frå byen som Pelé. Fotballklubben FC Santos spelar i den brasilianske toppdivisjonen, og vann seriemeisterskapen i 2004.

Den norske Sjømannskyrkja hadde kontor i byen på store delar av 1900-talet.[5]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Santos har den største eksporthamna i Sør-Amerika og handterer mellom anna ein stor del av kaffieksporten i landet. I tillegg blir det eksportert mykje stål, olje, bilar, appelsinar, bananar og bomull gjennom hamna. Byen har òg ein del industri, og dessutan at han òg er eit lokalt senter for turisme.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «IBGE Cidades» (på portugisisk). 
  2. Assembleia Legislativa do Estado de São Paulo, Lei Complementar Nº 815
  3. Instituto Brasileiro de Geografia e Estatística
  4. «The City of Santos». www.seemannsmission.org. Adelar Schünke and Lukas Müller. Henta 18. september 2014. 
  5. Silje Een de Amoriza (9. februar 2022), «Sjømannskirken i Santos», www.sjomannskirken.no (på norsk bokmål), henta 26. januar 2023