Carnotitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carnotitt

Carnotitt i fossilert skog frå St. George i Utah
Generelt
KategoriVanadatmineral
Kjemisk formelK2(UO2)2(VO4)2·3H2O
Strunz-klassifisering04.HB.05
KrystallsymmetriMonoklin 2/m
Einingscellea = 10.47 Å, b = 8.41 Å, c = 6.91 Å; β = 103.83°; Z = 2
Identifikasjon
FargeLysegul til sitrongul, kan vere grønaktig gul.
Krystallformskorper, jordaktige massar, blada og korna samlingar.
KrystallsystemMonoklin; 2/m
Tvillingpå {001} som både tvilling og komposisjonsplan
Kløyvperfekt på {001}, glimmeraktig
BrotUjamn
Mohs hardleiksskala2
GlansMatt, jordaktig; silkeaktig når krystalllinsk
Strekfargegul
TransparensDelvis gjennomsiktig
Spesifikk vekt4.70
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (-)
Brytingsindeksnα=1.750 - 1.780, nβ=1.901 - 2.060, nγ=1.920 - 2.080
Dobbeltbrytingδ = 0.200
2V-vinkelMålt: 43° til 60°, Utrekna: 26° til 36°
Andre eigenskaparRadioaktiv, ikkje fluorescerande
Kjelder[1][2][3][4]

Carnotitt er eit sterkt gult, ofte pulveraktig mineral som inneheld uran, vanadium, kalium og dessutan sekundært bly. Den kjemiske formelen er K2(UO2)2(VO4)2.

Mineralet finst ofte saman med eit liknande kalsium-samband, tyuyamunitt. Carnotitt spelar ei stor rolle i uranproduksjonen. Det finst førekomstar mellom anna. i USA, Kongo og Russland. I Noreg er det funne i malmane frå Spennivegg gruve i Dalane i Kviteseid og frå granitt-pegmatitt i Einerkilen i Evje.

Det er kalla opp etter den franske gruveingeniør og kjemikaren Adolphe Carnot (1839–1920).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Carnotitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
  1. Handbook of Mineralogy
  2. Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis, 1985, Manual of Mineralogy, 20th ed., John Wiley and Sons, New York ISBN 0-471-80580-7
  3. Mindat.org
  4. Webmineral

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Carnotitt