Cathrine Sandnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cathrine Sandnes
Foto: Bjørn Erik Pedersen

Cathrine Sandnes (fødd 19. mars 1972 i Sør-Korea) er ein norsk journalist og tidlegare idrettsutøvar.

Cathrine Sandnes har sidan 2014 vore dagleg leiar i tankesmia Manifest og leiar for Manifest forlag.

Sandnes har vore journalist sidan byrjinga av 1990-talet, fyrst i Natt og Dag og Morgenbladet, og frå 1994 i Arbeiderbladet (Dagsavisen). Ho har vore kulturredaktør i Dagsavisen i to periodar, 19982000 og 20022005. Ho var redaktør for boka Matriark saman med Beate Nossum og Christina S. Erichsen (1999), og gav i 2002 ut boka Reisen østover om VM i fotball 2002. I 2016 gav ho ut "Angrep eller forsvar" Boka var skriven saman med Ingeborg Eliassen og vekte stor debatt om Noregs forsvar og kampflykjøp.

Sandnes er ein markert samfunnsdebattant innanfor felta feminisme, litteratur og idrett. Ho fekk i 2004 Gullpennen for arbeidet sitt som skribent.

Sandnes har var redaktør i tidsskriftet Samtiden frå 1. april 2006 og fram til 2014. Sommeran 2007 vart Samtiden kåra til årets tidsskrift av Tidsskriftsforeningen og våren 2008 vart det kåra til det beste tidsskriftet i Noreg av NRK P2.

Cathrine Sandnes er også ein av dei fremste kvinnelege karateutøvarane i Noreg gjennom tidene. Ho er 13 gonger noregsmeister i karate, noregsmeister og bronsemedaljør i EM i kickboksing og har ei rekkje triumfar i internasjonale karatestemne. Ho vann ein kongepokal i 2003. Sandnes la opp den aktive idrettskarrieren etter NM i 2003.

Sandnes har skrive faste spalter i ei rekkje medium, mellom anna i KK, Dagsavisen (om sport) og Dagbladet, der ho framleis skriv. Ho har vore litteraturkritikar i Aftenposten, og er ein mykje brukt debattleiar og debattant om norsk samtidslitteratur.

Sandnes har vore redaktør og konsulent for ei rekkje norske sakprosabøker, blant anna Åsne Seierstads "En av oss" og "To søstre", Anders Hammer sine "Drømmekrigen" og "Heia Kabul" og Karl Ove Knausgård og Fredrik Ekelunds "Hjemme - borte".

Ho er gift med tidlegare RV-leiar og nasjonalbibliotekar, Aslak Sira Myhre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]