Aslak Sira Myhre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aslak Sira Myhre (2010)

Aslak Sira Myhre (fødd 28. mai 1973) i Stavanger) er er leiar for Fritt Ord sin nye kulturinstitusjon - Litteraturhuset i Wergelandsveien 29 i Oslo. Fram til januar 2007 var han leiar i Foreningen !les, ein organisasjon for å auke leselysta til barn og ungdom.

Begge foreldra hans høyrde til den politiske venstresida, og far hans, Eldar Myhre, er kjend som fagforeiningsleiar frå Aker Kværner. Sira Myhre, som var svært aktiv i studentaksjonar ved Universitetet i Bergen på 1990-talet, vart seinare leiar i Raud Valallianse i perioden 19972003. Han er kjend for kjærleiken sin til fotball, særleg Viking FK, og har vore sportsjournalist for NRK og Klassekampen. Sira Myhre er gift med redaktør Cathrine Sandnes.

Myhre markerte seg tidleg som aktivist ved Stavanger katedralskole, der han var den fyrste eleven i Noreg som vart vald til den øvste leiaren på skulen. Han var i skuleåret 19911992 leiar i skulestyret.

Sira Myhre sat i kommunestyret i Stavanger for Raud Valallianse frå 1999 til 2003. Han var styremedlem ved Universitetet i Bergen i 1996, og var fyrstekandidat til Stortingsvalet for Rogaland RV i 1997 og Oslo Rv i 2001.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aslak Sira Myhre