Chaghcharan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chaghcharan (چغچران)
by
Afghan Air Power (4423773113).jpg
Frå Chaghcharan flystripe
Land Flag of Afghanistan.svg Afghanistan
Region Ghor-provinsen
Folketal 15 000
Tidssone UTC+4:30
Wikimedia Commons: Chaghcharan

Chaghcharan (persisk چغچران, Chaghcharān, [tʃægtʃæˈrɑːn]) er ein by og eit distrikt i sentrale Afghanistan som er provinshovudstad for Ghor-provinsen. Byen ligg på sørsida av Hari-elva, 2 230 moh. Han har rundt 15 000 innbyggjarar, dei fleste persisktalande.

Før den afghanske borgarkrigen var Chaghcharan ein marknadsby for husdyr der ein kjøpte og selde kyr, sauar og geiter.[1] Byen har vegsamband med Kabul i aust og Herat i vest; han ligg rundt 35 mil frå kvar. Vegen kan vera stengd på grunn av dårleg vêr om vinteren. Chaghcharan flystripe ligg nordaust for byen.

Chaghcharan har eit sjukehus som er blitt drive med støtte frå Leger uten grenser gjennom fleire år.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ghor-området husa ei rekkje ulike folkegrupper og religionar fram til islam blei innført av Mahmud av Ghazni på 900-talet. Etter at ghaznavidedynastiet fall på 1100-talet fekk eit lokalt dynasti, ghuridedynastiet eller shansabānī, makta i Ghor.[2] Området blei erobra av mongolane under Djenghis khan på 1200-talet, og var del av Ilkhanatet fram til 1300-talet.

Chakhcherān er først nemnd ved namn i Baburnama, eit verk frå 1500-talet som skildrar stormogul Babur si vitjing i 1507 undervegs til Kabul. Det var då ein by i Gharjistan-regionen.[3]

Litauisk ISAF-soldat ved Hari-elva.

I 2001 blei byen teken av Nordalliansen etter å ha vore under herredømet til Taliban.[4] I juni 2004 tok styrkane til krigsherren Abdul Salaam Khan byen, og guvernøren måtte flykta.[5] Nokre dagar seinare kom den afghanske hæren til byen saman med nokre amerikanske soldatar, og opprørarane flykta i forkant.[6]

I juni 2005 skipa ISAF-styrkar leidd av Litauen ei PRT-gruppe i byen.[2]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Ei bru i Chaghcharan

Chaghcharan har eit fuktig kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering Dsb) med kalde, snørike vintrar og varme, tørre somrar. Området har lite nedbør som hovudsakleg fell vinter og vår.[1]

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Det bur rundt 15 000 menneske i Chaghcharan, slik at byen er den største i provinsen. Dei største folkegruppene i provinsen er persisktalande tadsjikar (96 %), pasjtunar og hazarafolk (2 % kvar i 2002).[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 UNCHR Sub Office-Herat - District profile, aims.org.af (21.10.2002)
  2. 2,0 2,1 http://www.jame-ghor.com/english/ghor_information/0001_10122012_ghor_info.htm
  3. Zahir ud-Din Mohammad Babur (1507). «Events Of The Year 912». Memoirs of Babur. Packard Humanities Institute. Henta 18. august 2011. 
  4. Afghansk opposisjon tar kontroll over viktig by, dagbladet.no (11.10.2001)
  5. Afghanske krigere inn i provinshovedstad, aftenposten.no (18.jun. 2004)
  6. Find Out All About Ghor, rkabuli.20m.com (vitja 16. mai 2013)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Chaghcharan
  • Dupree, Nancy Hatch (1977): An Historical Guide to Afghanistan. 1st Edition: 1970. 2nd Edition. Revised and Enlarged. Afghan Tourist Organization. (Chapter 32 - Chakhcharan to Herat)