Mahmud av Ghazni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mahmud av Ghazni
Mahmud and Ayaz and Shah Abbas I.jpg
Fødd2. november 971
FødestadGhazni
Død30. april 1030
DødsstadGhazni
DynastiGhaznavid
FarSebük Tegin
BornMas'ud I of Ghazni, Muhammad ibn Mahmud, Abd al-Rashid ben Mahmud
Mahmud av Ghazni, i raudt, med gul turban

Mahmud av Ghazni (97930. april 1030) var den viktigaste herskaren i det persiske Ghaznavide-dynastiet. Han var frå Ghazni-provinsen i Afghanistan, og var den første i dynastiet med tittelen «sultan». Han erobra austlege iranske område og nordvestlege delar av det indiske subkontinentet i tida frå 997 og til han døydde i 1030. Mahmud gjorde den tidlegare provinsbyen Ghazni eller Ghazna om til ein rik hovudstad for eit utstrekt rike som dekte det meste av dagensAfghanistan, austlege Iran og Pakistan.[1][2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mahmud var son av Sabuktigin, ein mamelukk av tyrkarherkomst som grunnla Ghaznavidedynastiet.[3] Han var herskar i Ghazni frå 998. I 1021 invaderte og erobra han Multan og Panjab.

Han oppretta eit kulturelt sentrum med muslimsk profil i Lahore, og er rekna som grunnleggjaren av Delhisultanatet.

Riket hans blei kortvarig. Berre ti år etter hans død hadde det krympa til eit lokalt fyrstedøme i Aust-Afghanistan og Nordvest-India.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Saunders 1947, s. 162.
  2. Heathcote 1995, s. 6.
  3. «Sebüktigin». Encyclopædia Britannica. Henta 30. desember 2012. 
  4. Harrison, Dick, Europa i världen - medeltiden (2003), Liber AB, Stockholm, ISBN 91-47-05187-6, s. 230
  • Denne artikkelen bygger på «Mahmud of Ghazni» frå Wikipedia på engelsk, den 28. januar 2018.
  • Heathcote, T.A. (1995). The Military in British India: The Development of British Forces in South Asia:1600-1947. Manchester University Press. 
  • Saunders, Kenneth (1947). A Pageant of India. Oxford University Press.