Chandra Sturrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chandra Sturrup


Statsborgarskap Bahamas
Fødd 12. september 1971 (52 år)
Nassau på Bahamas
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Samveldeleikane 2002

Chandra Sturrup (fødd 12. september 1971) er ein bahamansk friidrettsutøvar frå Nassau. Ho var frå 1996 ein verdas beste kvinne-sprintarar i meir enn ti år. Ho vann VM-gull 1999 og OL-gull 2000 med Bahamas sitt kvinnelag i 4 x 100 meter stafett. Individuelt fekk ho med seg to bronsemedaljar frå 100 meter i verdsmeisterskapa 2001 og 2003.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sturrup vart nummer fire på 100 meter under OL 1996 i Atlanta, der ho dagar seinare vann stafettsølv med Bahamas kvikke lag. I verdsmeisterskapen 1999 og i dei olympiske leikane 2000 sprang Sturrup den andre etappen for Bahamas-mannskapet som vart både verdsmeistrar og olympiske meistrar i 4 x 100 meter stafett. Savatheda Fynes, Pauline Davis og Debbie Ferguson var dei andre dobbel-vinnarane.

Individuelt sikra Sturrup seg bronsemedaljen på 100 meter i VM 2001, ein prestasjon ho gjentok i VM 2003. Under VM 2005 i Helsinki sette ho personbeste på same distansen med tida 10,84 sekund i semifinalen. I finalen måtte ho nøye seg med fjerdeplass etter eit løp på 11,09.

I sin siste store meisterskap, Berlin-VM 2009, var Sturrup med om å vinne sølv for Bahamas i 4 x 400 m stafett.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1995 i Göteborg: Utslått i forsøket på 100 m (11,59=nr 35)
  • OL 1996 i Atlanta: Nr 4 på 100 m – 11,00 og nr 6 på 200 m – 22,54. Sølv i 4 x 100 m stafett (42,14)
  • VM 1997 i Aten: Utslått i kvartfinalane på 200 m (23,07=nr 19)
  • VM 1999 i Sevilla: Gull i 4 x 100 m stafett (41,92). Nr 7 på 100 m – 11,06. Utslått i semifinalane på 200 m (22,75=nr 14)
  • OL 2000 i Sydney: Gull i 4 x 100 m stafett (41,95). Nr 6 på 100 m – 11,21. Utslått i kvartfinalane på 200 m (23,21=nr 22)
  • VM 2001 i Edmonton: Bronsemedalje på 100 m – 11,02
  • VM 2003 i Paris: Bronsemedalje på 100 m – 11,02
  • OL 2004 i Aten: Utslått i kvartfinalane på 100 m (11,46=nr 25). Nr 4 i 4 x 400 m stafett (42,69)
  • VM 2005 i Helsinki: Nr 4 på 100 m – 11,09
  • VM 2007 i Osaka: Utslått i semifinalane på 100 m (11,22=nr 13)
  • OL 2008 i Beijing: Utslått i semifinalane på 100 m (11,22=nr 9)
  • VM 2009 i Berlin: Sølv i 4 x 100 m stafett (42,29). Nr 7 på 100 m – 11,05

Kjelder[endre | endre wikiteksten]