Charles Dickens
Charles Dickens | |
Pseudonym | Boz |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 7. februar 1812 Landport, Portsmouth |
Død |
9. juni 1870 (58 år) |
Yrke | skribent, romanforfattar, journalist, samfunnskritiker, skodespelforfattar, forfattar, barnebokforfattar, redaktør, prosaforfatter, botanikar, novelleforfattar |
Språk | britisk-engelsk |
Sjanger | kortroman, sakprosa |
Religion | Den anglikanske kirke |
Far | John Dickens |
Mor | Elizabeth Dickens |
Ektefelle | Catherine Dickens |
Born | Charles Dickens, Jr., Mary Dickens, Kate Perugini, Walter Landor Dickens, Francis Dickens, Alfred D'Orsay Tennyson Dickens, Sydney Smith Haldimand Dickens, Henry Fielding Dickens, Dora Annie Dickens, Edward Dickens |
Charles Dickens på Commons |
Charles John Huffam Dickens (7. februar 1812–9. juni 1870) var ein engelsk forfattar i viktoriatida, kjend for romanar som Oliver Twist og David Copperfield. Bøkene hans naut stor popularitet i mange land verda over medan han levde, og dei vert framleis lesne og mange av dei har vortne filmatiserte og laga fjernsynsdrama av.[1]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Charles Dickens vart fødd i Portsmouth i England i 1812, som den nest eldste av dei åtte barna til John Dickens og Elizabeth Barrow. Då han var fem år gammal flytta familien til Chatham i Kent, og då han var ti år flytta deu videre til Camden Town i London. Far hans sløste vekk alt dei eigde og familien vart utfattige og faren hamna i gjeldsfengsel. Kona og dei yngste borna hans budde der saman med han. Charles, som var i 12-årsalderen, måtte slutta på skulen, bli leigebuar, og tena pengar til eige livsoppphald og familien ved å arbeide lange dagar på ein skosmurningsfabrikk. Han tente seks shilling i veka, og vitja faren i fengselet kvar søndag. Fabrikken var først ved Hungerford Stairs nær dagens Charing Cross jernbanestasjon, men flytta etterkvart til fasjonable Covent Garden, der Dickens opplevde å arbeida på utstilling.
Etter nokre månader av John Dickens 450 pund frå farmora si, og sleppte fri frå gjeldsfengslet. Mora til Charles gjekk ikkje med ein gong inn for å få han ut frå fabrikken, noko som prega han og kvinnesynet hans gjennom livet.[2]
Etterkvart blei han send til Wellington House Academy, ein skule han var på i rundt to år og sjølv rekna som mangelfull.[3] Frå mai 1827 til november 1828 var Dickens kontorassistent for advokatfirmaet Ellis and Blackmore i Holborn Court ved Gray's Inn. På denne tida gjekk han nær dagleg i teateret, og parodierte sjølv menneska rundt seg - kollegaer, advokatar og klientar. På fritida lærte han seg Thomas Gurney sitt stenografisystem. Etterkvart forlét han kontorjobben for å bli frilansreporter, og takka vere ein slektning fekk han tilgang til domstolane ved Doctors' Commons, og rapporterte derfrå i fire år.[4][5]
I 1830 møtte Dickens sin første kjærleik, Maria Beadnell. Foreldra hennar var imot forholdet, og ende det ved å senda Maria på skule i Paris.[6]
Litterær karriere
[endre | endre wikiteksten]I 1832 var Dickens blitt tjue år og hadde større sjølvtilllit.[7] Han tenkte på å bli skodespelar, men fekk større framgang innan journalisme og forfattarskap. Ein morbror tilbaud han ei stilling som politisk reporter i The Mirror of Parliament, og han rapporterte frå Det britiske underhuset og politiske møte i heile landet for denne avisa og The Morning Chronicle.
I desember 1833 fekk han gjeve ut sitt første skjønnlitterære verk, «A Dinner at Poplar Walk», i London-bladet Monthly Magazine.[8][9] I 1835 fekk han tilbod frå redaktøren for den nye aftenutgåva av Morning Chronicle, George Hogarth, om å skriva faste skisser (Street Sketches) for henne. Dickens byrja vitja heimen til Hogarth, der han blei kjend med dei tre døtrene hans — Georgina, Mary og den framtidige kona si Catherine.[10]
Den første boka til Dickens, ei samling av fleire skildringar eller skisser kalla Sketches by Boz, kom ut i 1836. Boka hadde suksess, og Dickens fekk i oppdrag å skriva ein føljetong som blei til den fyrste romanen hans, The Pickwick Papers. Dei første delane hadde lite suksess, men interessa auka, og det blei seld 40 000 utgåver av den siste delen av føljetongen.[8]
2. april 1836, mellom episode 2 og 3 av The Pickwick Papers, gifte Charles Dickens seg med Catherine Hogarth etter at dei hadde vore trulova i eitt år.[11] I november 1836 blei han tilsett som redaktør for Bentley's Miscellany, ei stilling han hadde i tre år, til han rauk uklar med eigaren.[12] Medan han skreiv på dei siste delane av The Pickwick Papers byrja han også å skriva dei første delane av Oliver Twist, den første viktorianske romanen med eit barn som hovudperson. Han skreiv opptil 90 sider per månad, i tillegg til å verka som redaktør og skriva og setja opp fire skodespel.[13]
Det første av dei ti barna til Charles og Charlotte Dickens, Charley, blei fødd i januar 1837. Nokre månader seinare danna familien ei hushaldning i Bloomsbury i 48 Doughty Street, seinare Charles Dickens Museum. Den yngre broren til Charles, Frederick, og Catherine si yngre syster Mary flytta inn hjå dei. Dickens blei svært glad i Mary, og leid stor sorg då ho døydde etter ein kort sjukdom i 1837. Til skilnad frå det meste av livet sitt stoppa Dickens å skriva ei tid, og måtte utsetja utgjevingane av juni-delane for The Pickwick Papers og Oliver Twist.[13]
Etter eit gardsopphald på Hampstead Heath vende Dickens tilbake til skrivinga og fortsette suksessen som forfattar. Den unge dronning Viktoria las bøkene hans, og diskuterte dei med lord Melbourne.[14] Han skreiv fleire bøker som føljetongar - Nicholas Nickleby (1838–39), The Old Curiosity Shop (1840–41) og den første historiske romanen sin, Barnaby Rudge: A Tale of the Riots of 'Eighty.[15]
I 1842 vitja Dickens og kona USA og Canada. Catherine si syster Georgina Hogarth flytta inn i huset deira for å ta seg av barna medan dei var vekke.[16] Ho blei verande som hushaldar, rådgjevar og ven resten av livet til Dickens.[17] Kort tid etter at han vende tilbake skreiv Dickens si første juleforteljing A Christmas Carol (1843), følgd av The Chimes i 1844 og The Cricket on the Hearth i 1845. Han ville med desse slå eit slag for dei fattige i samfunnet.[18] Særleg den første boka bidrog til å auka interessa for julefeiring i Storbritannia og USA.[19]
Han budde ei tid i Italia i 1844 og vitja Sveits i 1846. Her byrja han å skriva Dombey and Son (1846–48). Denne og David Copperfield (1849–50) markerte ei utvikling i forfattarskapen til Dickens, der temaa blei meir alvorlege og verka var grundigare planlagde.
I november 1851 flytta Dickens til Tavistock House i Camden i London. Her skreiv han Bleak House (1852–53), Hard Times (1854) og Little Dorrit (1856).[20] På denne tida arbeidde han også tett med forfattaren Wilkie Collins. I 1856 kjøpte han Gad's Hill Place i Higham i Kent, eit hus han hadde gått forbi og drøymt om å bu i som barn.[21]
Charles og Charlotte Dickens blei separerte i 1858, etter at han hadde utvikla eit forhold til ein ung skodespelar, Ellen Ternan. Charlotte forlét familieheimen og slo seg ned i London saman med eldstesonen, medan resten av barna og Georgina blei verande i Gad's Hill. Rykta gjekk om Charles Dickens og svigerinna hans, og om han og Ellen Ternan. Han skreiv fleire offentlege brev for å forsvara seg og slo handa av vennar og kjenningar som ikkje tok hans side. Den nøyaktige sanninga om desse ulike forholda er ikkje kjend, men Dickens hadde i det minste kontakt med Ternan til han døydde i 1870, og testamenterte 1000 pund til henne.[22]
Etter separasjonen frå Catherine la Dickens ut på ei rekkje populære opplesingsturnear som gav god inntening, men også tok opp mykje av energien hans. I det påfølgjande tiåret skreiv han berre to romanar, A Tale of Two Cities (1859) og Great Expectations (1861), som til gjengjeld blei særs omtykte. Han fortsette også å verka som utgjevar, redaktør og bidragsytar til blada Household Words (1850–1859) og All the Year Round (1858–1870).[23] Den første opplesingsturneen hans varte frå april 1858 til februar 1859, og omfatta 129 opptredenar i 49 ulike byar i England, Skottland og Irland.[24]
Dickens tenkte på ei ny reise til Nord-Amerika, men utbrotet av den amerikanske borgarkrigen i 1861 forseinka planane hans. I juni 1862 fekk han eit tilbod på 10 000 for å dra på opplesingsturne i Australia.[25] Han hadde entusiasme for ideen og planla ei reisebok, The Uncommercial Traveller Upside Down, men enda opp med å takka nei til tilbodet.[26]
9. juni 1865 var Dickens på veg heim frå Frankrike med Ellen Ternan og mor hennar. Toget dei sat i kom ut for ei ulukke der dei fremste sju vognene fall av ein viadukt som var under reparasjon. Dickens var i den einaste førsteklasse-vogna som ikkje blei råka. Han hjelpte fanga, skadde og døyande folk frå dei råka vognene. Før han forlét ulukkesstaden klatra Dickens tilbake til togvogna si og henta manuskriptet til ein del av Our Mutual Friend han nett hadde skrive.[27] Hendinga hadde ein sterk innverknad på Dickens. Han var utan stemme i to veker, og leid seinare av angst-liknande symptom, særleg i samband med togreiser.[28]
9. november 1867 kunne Dickens vitja Amerika att etter at den amerikanske borgarkrigen var over. Han reiste frå Liverpool til Boston og møtte framståande amerikanarar som Ralph Waldo Emerson, Henry Wadsworth Longfellow og den amerikanske forleggjaren sin, James Thomas Fields. Tidleg i desember la han ut på opplesingsturneen sin, som varte til april neste år og omfatta 76 opptredenar. Helsa hans leid under den hektiske tidsplanen.[29]
Tilbake i Storbritannia heldt Dickens ein farvelturné frå 1868 til 1870. Han hadde planlagd 100 opplesingar, og klarte å utføra 75 i provinsane og 12 i London.[30] I løpet av reisene sine opplevde han svimmelheit og lammingar. Då han var i Chester 18. april 1869 fekk han eit slag.[31] 22. april kollapsa han i Preston, og på oppmoding frå legen blei resten av turneen avlyst.[32] Sidan han ikkje kunne turnera byrja Dickens å skriva det siste verket sitt, The Mystery of Edwin Drood, som aldri blei fullført. I byrjinga av 1870 heldt han dei tolv siste opplesingane sine i London. Sjølv om han framleis var ved dårleg helse ville han spara sponsorane sine frå altfor store tap. 2. mai hadde han sin siste offentlege opptreden ved ein bankett halden av Royal Academy Banquet der kronprinsen og kronprinsessa var til stades. Her æra han den avdøde venen sin, kunstnaren Daniel Maclise.[33]
8. juni 1870 fekk Charles Dickens eit nytt slag og mista medvitet. Dagen etter døydde han heime i Gads Hill Place. Trass i ønsket sitt om ei enkel grav i Rochester domkyrkje[34] blei han gravlagd i Poets' Corner i Westminster Abbey i London, der ei rekkje andre viktige britiske forfattarar er gravlagde.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Mazzeno, Laurence W. (2008): The Dickens industry: critical perspectives 1836–2005. Studies in European and American literature and culture. Literary criticism in perspective. Camden House. ISBN 978-1-57113-317-5, s. 76.
- ↑ Wilson 1972, s. 58.
- ↑ Wilson 1972, s. 61.
- ↑ Pope-Hennessy 1945, s. 18.
- ↑ Wilson 1972, s. 64.
- ↑ Davis, 1998 & p 23.
- ↑ Callow 2009, s. 48.
- ↑ 8,0 8,1 Patten 2001, s. 16–18.
- ↑ Mr. Minns and his Cousin, David Perdue's Charles Dickens Page, henta 12. mars 2018, «Dickens' first published work, originally titled A Dinner at Poplar Walk, appeared in Monthly Magazine in December 1833. It was retitled Mr. Minns and his Cousin for its inclusion in Sketches by Boz»
- ↑ Callow 2009, s. 54.
- ↑ Schlicke 1999, s. 160.
- ↑ Ackroyd 1990, s. 201, 278–279.
- ↑ 13,0 13,1 Smiley 2002, s. 12–14.
- ↑ «Queen Victoria's Journals». RA VIC/MAIN/QVJ (W). 26 December 1838. Henta 24 May 2013.
- ↑ Schlicke 1999, s. 514.
- ↑ Jones 2004, s. 7.
- ↑ Smith 2001, s. 10–11.
- ↑ Schlicke 1999, s. 98.
- ↑ Callow 2009, s. 146–148.
- ↑ Ackroyd 1990, s. 628; 634–638.
- ↑ Ackroyd 1990, s. 32:723:750.
- ↑ «The Mystery of Ellen Ternan», David Perdue's Charles Dickens Page
- ↑ Ackroyd 1990, s. 589–95; 848–852.
- ↑ Hobsbaum 1998, s. 270.
- ↑ Ashley Alexander Mallett, The Black Lords of Summer: The Story of the 1868 Aboriginal Tour of England, s. 65–66.
- ↑ Australian Dictionary of Biography. Henta 29. oktober 2013
- ↑ Ackroyd 1990, s. 959–961.
- ↑ «The Staplehurst Disaster. 9 June 1865», The Dickens Project, henta 12. mars 2018
- ↑ Forster, John (1874). The Life of Charles Dickens: 1852 - 1870, Volume 3. Chapman and Hall. s. 363.
- ↑ Hobsbaum 1998, s. 271.
- ↑ Tomalin 2011, s. 377.
- ↑ Ackroyd 1990, s. 1043–1044.
- ↑ Ackroyd 1990, s. 1069–1070.
- ↑ Forster 2006, s. 628.
- Denne artikkelen bygger på «Charles Dickens» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mars 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Ackroyd, Peter (1990). Dickens. London: Sinclar-Stevenson. ISBN 1-85619-000-5.
- Atkinson, Paul (1990). The Ethnographic Imagination: Textual Constructions of Reality. London: Routledge. ISBN 978-0-415-01761-9.
- Bidwell, Walter Hilliard, red. (July–December 1870). «The Eclectic Magazine: Foreign Literature». Eclectic magazine: foreign literature, science and art. New Series (Charles Dickens Obituary) (New York: E.R.Pelton) 12: 222–224.
- Black, Joseph Laurence (2007). «Charles Dickens». I Black, Joseph Laurence. The age of romanticism. The Victorian era. The twentieth century and beyond. The Broadview Anthology of British Literature 2. Broadview Press. s. 735–743. ISBN 978-1-55111-869-7.
- Bodenheimer, Rosemarie (2011). «London in the Victorian Novel». I Manley, Lawrence. The Cambridge Companion to the Literature of London. Cambridge University Press. s. 142–159. ISBN 978-0-521-72231-5.
- Cain, Lynn (2008). Dickens, family, authorship: psychoanalytic perspectives on kinship and creativity. Ashgate Publishing. ISBN 978-0-7546-6180-1.
- Callow, Simon (2009). Dickens's Christmas: A Victorian Celebration. Frances Lincoln Ltd. ISBN 978-0-7112-3031-6.
- Chesterton, G. K. (2005) [1906]. Charles Dickens: A Critical Study. Kessinger Publishing. ISBN 978-1-4179-1996-3.
- Chesterton, G. K. (1911). Appreciations and Criticisms of the Works of Charles Dickens. J. M. DentForgotten Books. ISBN 978-1-4400-9125-4.
- Cochrane, Robertson (1996). Wordplay: origins, meanings, and usage of the English language. University of Toronto Press. ISBN 978-0-8020-7752-3.
- Cohen, Jane R. (1980). Charles Dickens and His Original Illustrators. Ohio State University Press. ISBN 978-0-8142-0284-5.
- Colledge, Gary L (2009). God and Charles Dickens. Baker Books. ISBN 978-1-4412-3778-1.
- Davis, Paul (1998). Charles Dickens A to Z. Facts on File, Inc. ISBN 978-0-8160-2905-1.
- Hartley, Jenny (2009). Charles Dickens and The House of Fallen Women. London: Methuen. ISBN 978-0-413-77643-3.
- Morrison, Richard (3 February 2012). «Champion of the little people». The Australian. Henta 22 April 2012.
- Davies, James A. (1983). John Forster, a Literary Life. Rowman & Littlefield. ISBN 978-0-389-20391-9.
- Ellmann, Richard (1988) [1987]. Oscar Wilde. London: Penguin Books. ISBN 978-0-14-009661-3.
- Flint, Kate (2001). «The middle novels: Chuzzlewit, Dombey and Copperfield». I Jordan, John O. The Cambridge Companion to Charles Dickens. Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-66964-1.
- Forster, John (2006) [1872–1874]. Life of Charles Dickens. London: Diderot Publishing. ISBN 978-90-77932-03-2.
- Foxcroft, Louise (2007). The Making of Addiction: The 'Use and Abuse' of Opium in Nineteenth-Century Britain. Ashgate Publishing. ISBN 978-0-7546-5633-3.
- Furneaux, Holly (2011). «Childhood». I Ledger, Sally; Furneaux, Holly. Dickens in Context. Cambridge University Press. s. 186–193. ISBN 978-0-521-88700-7.
- Glancy, Ruth (1999). Student Companion to Charles Dickens. Westport, Connecticut: Greenwood Publishing Company. ISBN 978-0-313-30611-2.
- Grossman, Jonathan H. (2012). Charles Dickens's Networks: Public Transport and the Novel. Oxford: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-964419-3.
- Hauser, Arnold (1999) [1951]. The Social History of Art: Naturalism, impressionism, the film age. The Social History of Art 4. London: Routledge. ISBN 978-0-415-19948-3.
- Hawes, Donald (1998). Who's Who in Dickens. Psychology Press. ISBN 978-0-415-13604-4.
- Henson, Louise (2004). «'In the Natural Course of Physical Things': Ghosts and Science in Charles Dickens's All the Year Round». I Henson, Louise; Cantor, Geoffrey; Dawson, Gowan; Noakes, Richard; Shuttleworth, Sally; Topham, Jonathan R. Culture and Science in the Nineteenth-Century Media. Ashgate Publishing. s. 113–124. ISBN 978-0-7546-3574-1.
- Hobsbaum, Philip (1998) [1972]. A reader's guide to Charles Dickens. Syracuse University Press. ISBN 978-0-8156-0475-4.
- Hughes, William Richard (1891). A week's tramp in Dickens-Land: together with personal reminiscences of the 'Inimitable Boz'. Oxford: Chapman & Hall.
- Hutton, Ronald (2001). The Stations of the Sun: A History of the Ritual Year in Britain. Oxford University Press. ISBN 978-0-19-285448-3.
- Jackson, Kenneth T. (1995). The Encyclopedia of New York City. New York Historical Society. ISBN 978-0-300-05536-8.
- Johnson, E.D.H. (1969). Charles Dickens: An Introduction to His Novels. Random House Studies in Language and Literature. Random House. ASIN B0011BLL8W. Henta 22 April 2012.
- Jones, Richard (2004). Walking Dickensian London. Globetrotter walking guides. London: New Holland Publishers. ISBN 978-1-84330-483-8.
- Jones, Sam (6 February 2012). «Ebenezer Scrooge named most popular Dickens character». The Guardian. Henta 22 April 2012.
- Joshi, Prithi (2011). «Race». I Ledger, Sally; Furneaux, Holly. Dickens in Context. Cambridge University Press. s. 292–300. ISBN 978-0-521-88700-7.
- Kucich, John; Sadoff, Dianne F. (2006). «Charles Dickens». I Kastan, David Scott. The Oxford Encyclopedia of British Literature, Volume 1. Oxford University Press. s. 154–164. ISBN 978-0-19-516921-8.
- Lodge, David (2002). Consciousness and the Novel. Harvard, Massachusetts: Harvard University Press. ISBN 978-0-674-00949-3.
- Mackenzie, Robery Shelton (1870). Life of Charles Dickens. by R. Shelton Mackenzie. With Personal Recollections and Anecdotes;--Letters by 'Boz', Never Before Published;--And ... Prose and Verse. With Portrait and Autograph. Philadelphia: T. B. Peterson & Brothers. ISBN 978-1-4255-5680-8. Henta 10 June 2012.
- Marlow, James E. (1994). Charles Dickens: The Uses of Time. Susquehanna University Press. ISBN 978-0-945636-48-9.
- Mazzeno, Laurence W. (2008). The Dickens industry: critical perspectives 1836–2005. Studies in European and American literature and culture. Literary criticism in perspective. Camden House. ISBN 978-1-57113-317-5.
- Mee, Jon (2010). The Cambridge Introduction to Charles Dickens. Cambridge Introductions to Literature. Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-67634-2.
- Moore, Grace (2004). Dickens and Empire:Discourses of Class, Race and Colonialism in the Works of Charles Dickens. Ashgate Publishing. ISBN 978-0-7546-3412-6.
- Nayder, Lillian (2011). The other Dickens: a life of Catherine Hogarth. Cornell University Press. ISBN 978-0-8014-4787-7.
- Nisbet, Ada (1952). Dickens & Ellen Ternan. University of California Press.
- Page, Norman (1999). Charles Dickens:Family History. Routledge. ISBN 978-0-415-22233-4.
- Patten, Robert L. (2001). «From Sketches to Nickleby». I Jordan, John O. The Cambridge Companion to Charles Dickens. Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-66964-1.
- Polloczek, Dieter (1999). «Aporias of Retribution and questions of responsibility: the legacy of incarceration in Dickens's Bleak House». Literature and Legal Discourse: Equity and Ethics from Sterne to Conrad. Cambridge University Press. s. 124–201. ISBN 978-0-521-65251-3.
- Pope-Hennessy, Una (1945). Charles Dickens 1812–1870. Chatto and Windus.
- Raina, Badri (1986). Dickens and the Dialectic of Growth. University of Wisconsin Press. ISBN 978-0-299-10610-2.
- Robinson, David J. (2005). Disordered personalities (3 utg.). Rapid Psychler Press,. ISBN 978-1-894328-09-8.
- Sasaki, Toru (2011). «Modern screen adaptations». I Ledger, Sally; Furneaux, Holly. Dickens in Context. Cambridge University Press. s. 67–73. ISBN 978-0-521-88700-7.
- Schlicke, Paul, red. (1999). Oxford Reader's Companion to Dickens. Oxford University Press. ISBN 978-0-19-866213-6.
- Slater, Michael (1983). Dickens and Women. Stanford University Press. ISBN 978-0-8047-1180-7.
- Smiley, Jane (2002). Charles Dickens. New York: Penguin. ISBN 0-670-03077-5.
- Smith, Grahame (2001). «The Life and Times of Charles Dickens». I Jordan, John O. The Cambridge Companion to Charles Dickens. Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-66964-1.
- Stanley, Arthur Penrhyn (1870). «Dean Stanley on Charles Dickens». Speeches, letters, and sayings of Charles Dickens. Harper.
- Stone, Harry (1987). Dickens's working notes for his novels. Chicago: University of Chicago Press. ISBN 978-0-226-14590-7.
- Sutherland, John (1990). The Stanford Companion to Victorian Fiction. Stanford, California: Stanford University Press. ISBN 978-0-8047-1842-4.
- Swift, Simon (18 April 2007). «What the Dickens?». The Guardian. Henta 21 April 2012.
- Tomalin, Claire (2011). Charles Dickens: A Life. Viking. ISBN 978-0-670-91767-9.
- Tomalin, Claire (1992). The invisible woman: the story of Nelly Ternan and Charles Dickens. Vintage Books. ISBN 978-0-679-73819-0.
- Trollope, Anthony (2007). «Charles Dickens». I Bloom, Harold. Charles Dickens. Bloom's Classic Critical Views. Infobase Publishing. ISBN 978-0-7910-9558-4.
- Van De Linde, Gérard (1917). Reminiscences. Ayer Publishing. ISBN 978-0-405-10917-1.
- Vlock, Deborah (1998). Dickens, Novel Reading, and the Victorian Popular Theatre. Cambridge Studies in Nineteenth-Century Literature and Culture 19. Oxford University Press. ISBN 978-0-521-64084-8.
- Werner, Alex (9 December 2011). «Exhibition in focus: Dickens and London, the Museum of London». The Daily Telegraph. Henta 22 April 2012.
- Wilson, Angus (1972). The World of Charles Dickens. Penguin Books. ISBN 978-0-670-02026-3.
- Woolf, Virginia (1986). McNeillie, Andrew, red. The Essays of Virginia Woolf: 1925–1928 (2 utg.). Hogarth Press. ISBN 978-0-7012-0669-7.
- Ziegler, Alan (2007). The Writing Workshop Note Book: Notes on Creating and Workshopping. Counterpoint Press. ISBN 978-1-933368-70-2.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Charles Dickens Arkivert 2002-12-05 ved Wayback Machine.
- Charles Dickens' works