Charles Lyell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Charles Lyell
PSM V01 D242 and V20 D610 Charles Lyell.jpg
Fødd14. november 1797
Angus
Død22. februar 1875
London
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Områdegeologi, arkeologi
Yrkegeolog, omsetjar, advokat, universitetslærar, skribent
InstitusjonarKing’s College London
Alma materExeter College
EktefelleMary Horner Lyell
MedlemRoyal Society
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Kungliga Vetenskapsakademien
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Det ungarske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Det bayerske vitskapsakademiet
Accademia delle Scienze di Torino
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen

Sir Charles Lyell (fødd 14. november 1797 i Kinnordy i Forfarshire, død 22. februar 1875 i London) var ein skotsk geolog.

Charles Lyell har namngjeve fleire geologiske pokar, mellom anna pleistocen.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Sir Charles Lyell vert i lag med James Hutton rekna som fedre for den moderne geologien, i den forstend at dei utvikla geologien til ei eiga vitskapsgrein. Det viktigaste arbeidet hans var omfattande lagfølgestudiar for å reie ut forskjellige tidsepokar, studiar som han utførte i 1830-åra. Den viktigaste publikasjonen kom i 1830: Principles of Geology, med undertittelen Being an inquiry how far the former changes of the earth's surface are referable to causes now in operation. Ei anna avhandling var Elements of Geology (1838) og begge var lenge viktige lærebøker. Lyell utforma aktualitetsprinsippet, som seier at alle dei geologiske prosessane som har virka gjennom historia til jorda, òg virkar i vår tid, og ved å studere dei kan ein finne årsaka til dei endringane jorda har gjennomgått. Arbeidet hans stod i sterk konstrast til katastrofeteorien, som då var herskande.

Han var nær ven med og mentor for Charles Darwin, men aksepterte aldri evolusjonsteorien hans fullt ut, trass i at han var ein av dei første som vart konsultert av Darwin om desse teoriane. Han utvikla derimot saman med ein annan geolog det kompromisset som resulterte i at Darwin til slutt publiserte The Origin of Species i 1859. Lyell skreiv sjølv boka Geological Evidence of the Antiquity of Man (1863) der han skildra tolkinga si av utviklingslæra som viste på ein overbevisande måte at menneskeslekta er mykje eldre enn det ein tidlegare trudde. Dette var eit avgjerande bevis for at utviklingslæra òg omfatta menneska.

Charles Lyell

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Charles Lyell vart tildelt Royal Medal i 1834. I 1858 mottok han Copley Medal. I 1966 blei han tildelt Wollaston Medal.

Han vart tildelt Tistelordenen, og i 1864 vart han utnemnt til baronett. Lyell vart gravlagd i Westminster Abbey.

Månekrateret Lyell på månen er kalla opp etter han, og det same er eit krater på Mars. Fjellet Mount Lyell vest på Tasmania i Australia er òg kalla opp etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]