Charleston i Sør-Carolina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Charleston

Ei gate i Charleston
Ei gate i Charleston
Ei gate i Charleston
Flagget til Charleston i Sør-Carolina
Flagget til Charleston i Sør-Carolina
Kallenamn
««The Holy City», «Chucktown»»
Motto
«Aedes Mores Juraque Curat»
(Ho vaktar bygningane og lovene sine)
Plassering
Charleston i Sør-Carolina is located in Sør-Carolina
Plassering i Charleston i Sør-Carolina.
Styresmakter
Land  USA
Delstat Sør-Carolina
Fylke Charleston, Berkeley
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

405,5 km²
  361.2 km²
  44.3 km²
Innbyggjarar
 - By (2010)
   - folketettleik
 - Storbyområde

120 083
  296,1 /km²
659 191
Koordinatar 32°47′00″N 79°56′00″WKoordinatar: 32°47′00″N 79°56′00″W
Høgd over havet 4 m
Tidssone EST (UTC-5)
Diverse annan informasjon
Telefon-retningsnummer 843
Heimeside: www.charleston-sc.gov

Charleston er ein hamneby i delstaten Sør-Carolina i USA og hovudsete for Charleston fylke. Byen ligg omtrent midt på kystlinja til Sør-Carolina, ved samløpet og utløpet til elvane Cooper og Ashley. Bykjernen ligg på ei halvøy mellom desse to elvane. Ifølgje ei folketeljing i 2010 har byen 120 083 innbyggjarar og er dermed den nest største byen i delstaten (etter delstatshovudstaden Columbia.

Byen vart grunnlagt i 1670 og heitte opphavleg «Charles Town», kalla opp etter Karl II av England. Den opphavlege staden, på motsett side av Ashleyelva, vart vald av Anthony Ashley-Cooper. Bykjernen hadde flytta til halvøya ved 1680. Charleston var på denne tida hovudstad for heile provinsen Carolina.

Under den amerikanske sjølvstendekrigen vart Charleston eit mål for dei engelske styrkane, og vart okkupert i 1780. Då England trekte seg ut i desember 1782 vart namnet på byen endra til Charleston. Byen vart ein av dei rikaste byane i Amerika, på grunn av bomullshandelen. Som i fleire sørstatar bestod mykje av arbeidsstyrken likevel av slavar og det kom eit slaveopprør i 1822 som vart slått ned.

Ein viktig del av opptakta til den amerikanske borgarkrigen fann stad i Charleston. Det demokratiske partiet var splitta mellom demokratar i nordstatane og sørstatane. Forhandlingar mellom partane i Hibernian Hall mislukkast, og i presidentvalet i 1860 var det to demokratiske presidentkandidatar. Dette gjorde at republikanaren Abraham Lincoln vart valt, og Sør-Carolina erklærte sjølvstende frå USA 20. desember same år. Dei første skota i krigen kom i januar 1861 då eit skip frå nordstatane vart skoten på på veg inn til Charleston. Eit åtak frå sørstatane på Fort Sumter, kontrollert av nordstatane, fann stad i april. Dei første slaga i verda med ubåtar fann stad ved byen i 1863. Byen fall til unionsstyrkane i 1865 og byen var ved denne tida vorte svært øydelagt.

I 1886 vart Charleston råka av eit kraftig jordskjelv som hadde ein styrke på om lag 7,5 på richterskalaen. 60 menneske omkom i skjelvet.

Charleston har fleire historiske bygningar som har overlevt krig, jordskjelv og orkanar og turistindustrien er ei viktig næring. Det er fleire teknologiselskap i byen. Medical University of South Carolina, eit universitet for utdanning av legar ligg i byen og har omtrent 2500 studentar. Byen er tent av den største flyplassen i Sør-Carolina og ligg ved enden av motorvegen I26.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Charleston i Sør-Carolina