Charlie Hebdo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Charlie Hebdo er eit fransk satirisk, rikt illustrert venstreorientert vekeblad som vart skipa i 1970 og kjem ut i Paris. Karikaturteikningar er eit stort og viktig innslag i avisa, som publiserer kritiske og ofte krasse reportasjar og kommentarar på område som gjeld religiøse sekter, ekstreme høgrekrefter, katolisisme, islamisme, jødedom, politikk, kultur og anna. Charlie Hebdo har sine røter fyrst og fremst i eit anna satirisk og tildels kynisk blad, Hara-Kiri, som vart skipa i 1960.

Charlie Hebdo har vore trua og utsett for fysiske åtak, det mest alvorlege 7. januar 2015, då to menn tok seg inn i redaksjonslokala og skaut fleire av dei som var til stades. To polititenestemenn og 10 tilsette vart drepne. I tillegg vart 11 personar skadde, fem av desse kritisk. Mellom anna vart fire av vekeavisas vidgjetne satiriske karikaturteiknarar drepne, Charb, Cabu, Wolinski og Tignous:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.