Stéphane Charbonnier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stéphane Charbonnier

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 21. august 1967
Conflans-Sainte-Honorine Sjå dette på Wikidata
Død

7. januar 2015 (47 år)
11. arrondissement Sjå dette på Wikidata

Yrke journalist, teikneserieskapar, karikaturteiknar, kunstmålar
Organisasjon Charlie Hebdo, La Grosse Bertha, L'Écho des savanes, Télérama, L'Humanité, Fluide Glacial
Religion ateisme
Mor Denise Charbonnier Sjå dette på Wikidata
Prisar Ridder av Æreslegionen
Signatur
Stéphane Charbonnier på Commons

Stéphane Charbonnier, med kunstnarnamnet Charb (21. august 19677. januar 2015), var ein fransk satire- og karikaturteiknar og journalist. Han vart fødd i Conflans-Sainte-Honorine i departementet Yvelines og vart drepe under terroråtaket på redaksjonen av den satiriske vekeavisa Charlie Hebdo i Paris, som han var sjefsredaktør for og karikaturteiknar i. Her hadde han byrja i 1992 og vart i 2009 sjefsredaktør for avisa. Han hadde òg arbeida som teiknar for diverse andre aviser og tidsskrift, mellom anna L’Écho des savanes, Télérama, Fluide glacial og L’Humanité. Han har òg publisert bøker.

Som redaktør i vekeavisa Charlie Hebdo, og i sine satiriske karikaturteikningar og kommentarar, var han provoserande og ikkje redd for å få fiendar. Han hadde mellom anna ei fast spalte i Charlie Hebdo under nemninga Charb n'aime pas les gens (Charb liker ikkje menneska), og publiserte fleire karikaturteikningar som råka militante muslimar, mellom anna karikaturar av profeten Muhammed, men òg karikaturar med kritisk haldning til maktmenneske mellom jødar og kristne, politikarar og andre som tema. Han mottok fleire drapstruslar, særleg i samband med publiseringane av dei satiriske karikaturane av profeten Muhammend.

Politisk stod Stéphane Charbonnier til venstre. Han hadde lenge vore tilhengar av Parti communiste français (Det franske kommunistpartiet). Under valet til Europaparlamentet i 2009, og under dei franske regionsvala i 2010, støtta han Front de gauche («Venstrefronten»), ein koalisjon av politiske parti på venstresida.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Stéphane Charbonnier