Charlottesville

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charlottesville
by
Land  USA
Stat Virginia
Areal 26,569159 km²
Folketal 46 553  (2020[1])
Kart
Charlottesville
38°01′48″N 78°28′44″W / 38.0299°N 78.479°W / 38.0299; -78.479
Wikimedia Commons: Charlottesville, Virginia
University of Virginia i Charlottesville er på UNESCO si verdsarvliste.

Charlottesville, lokalt også kalla C'ville, er ein mindre by i Albemarle County i delstaten Virginia i USA. Ved folketeljinga i 2020 hadde byen 46 553 innbyggarar.[2] Byen er kalla opp etter den britiske dronninga Charlotte av Mecklenburg-Strelitz.

Charlottesville har husa dei tidlegare presidentane Thomas Jefferson (i Monticello) og James Monroe (i Ash Lawn). Byen er kanskje best kjend for University of Virginia, som blei grunnlagt i 1819 av Jefferson sjølv. Heimen til Jefferson, Monticello, ligg 3 mile (5 km) søraust for byen, og er saman med universitetet ein verdsarvstad som tiltrekk seg tusentals turistar kvart år.[3]

Det populære amerikanske bandet Dave Matthews Band og skodespelaren Rob Lowe kjem òg frå Charlottesville.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

The Rotunda ved University of Virginia, utforma av Thomas Jefferson

Byen har eit totalareal på 10,3 kvadratmile (27 km2), nesten alt er på land.[4]

Charlottesville ligg sentralt i Commonwealth of Virginia langs Rivanna-elva, ei bielv til James, like vest for Southwest Mountains.

Charlottesville ligg 99 mile (159 km) frå Washington, D.C. og 72 mile (116 km) frå Richmond.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Då området fyrst blei kolonisert av europearar var delar av det folkesett av monacanfolk i ein landsby kalla Monasukapanough.[5]

Charlottesville blei skipa gjennom ein Act of the Assembly i Albemarle County i 1762. Han låg langs ei handelsrute kjend som Three Notched Road, dagens U.S. Route 250, som gjekk frå Richmond til Great Valley.

Ein byrja bygga Universitetet i Virginia i 1819 etter teikningar av Thomas Jefferson, delvis med slavearbeidskraft.[6]

Christ Episcopal Church var den fyrste kyrkja i Charlottesville. Ein byrja bygga henne 1820 med arbeidskraft lånt ut av Thomas Jefferson. Den noverande kyrkja til kyrkjelyden blei fullført tidleg på 1900-talet.[7]

Den fyrste svarte kyrkja i Charlottesville, First Baptist Church of Charlottesville, blei skipa i 1864. Tidlegare hadde det vore ulovleg for afroamerikanarar å ha sine eigne kyrkjer, men dei hadde løyve til å vera i særskilde delar av dei kvite kyrkjene dersom den kvite kyrkjelyden tillet det. Ei noverande, hovudsakleg afroamerikansk kyrkje kan spora tradisjonen sin tilbake til denne fyrste kyrkja.[8]

Congregation Beth Israel sin bygning frå 1882 er den eldste synagogen som framleis står i Virginia.[9]

Til skilnad frå mange delar av Virginia kom Charlottesville relativt uskadd frå den amerikanske borgarkrigen. Det einaste slaget som fann stad her var eit mindre slag på Rio Hill der George Armstrong Custer konfronterte konfødererte heimevernssoldatar før han trekte seg tilbake. Etter krigen slo frigjorte slavar som blei verande i Charlottesville seg ned i område i nabolag som Vinegar Hill.

Etter slutten på den såkalla Reconstruction-tida blei den afroamerikanske folkesetnaden i Charlottesville råka av Jim Crow-lovar som segregerte offentlege stader og avgrensa liva deira. Skular var segregerte etter rase, og afroamerikanarar kunne ikkje nytta fleire føretak.[10] Offentlege parkar blei planlagde separat for kvite og afroamerikanarar: fire for kvite og ein for afroamerikanarar, bygd på ein tidlegare søppelplass.[11] Ku Klux Klan hadde lokallag i Charlottesville-området frå minst tidleg på 1900-talet.[12] I 1947 blei det skipa eit lokallag her av borgarrettsorganisasjonen NAACP.[13][14]

Frå 2010-åra fekk Charlottesville nasjonal merksemd på grunn av lokal konflikt mellom dei som ønskte å fjerna symbol på Sørstatskonføderasjonen og dei som ønskte å halda på dei. Ifølgje The Washington Post var parkar blitt omdøypte og så omdøypte att, gater gjevne nye namn, og «klistremerke med kvit makt-slagord kjem opp like fort som aktivistar kan fjerna dei.»[15]

Forsøk på å fjerna statuar av Robert E. Lee og Stonewall Jackson frå parkar i sentrum blei gjenstand for langvarige søksmål. I august 2017 organiserte kvit makt-grupper ein demonstrasjon kalla «Unite the Right rally» i protest mot å fjerna Robert E. Lee-statuen frå den dåverande Lee Park, seinare omdøypt til Emancipation Park.[16] Etter demonstrasjonen køyrde ein kvit nasjonalist ein bil inn i ein folkemengde av motdemonstrantar slik at ein av dei, Heather Heyer, døydde og 19 andre blei skadde.[17] Hendinga blei vidkjend og gjorde Charlottesville til eit symbol på politisk uro i landet. Lee- og Jackson-statuane blei endelege fjerna 10. juli 2021, i lag med ein statute av Lewis, Clark og Sacajawea.

Attraksjonar og kultur[endre | endre wikiteksten]

First United Methodist Church i det historiske distriktet i sentrum av Charlottesville (fotografert i julie 2011).
Downtown Mall

Charlottesville har mange attraksjonar og opplevingsstader i høve til storleiken. Vitjande kjem til området for å ta vin- og ølturar, ballongturar, fotturar og oppleva ulike former for underhaldning på ein av fire større konsertstader. Byen er heim til ein stor indiemusikkscene og til det kjende Dave Matthews Band.[18] Charlottesville husar også fleire orkestergrupper som Blue Ridge Chamber Orchestra,[19] Youth Orchestras of Central Virginia[20] og Charlottesville Symphony at the University of Virginia.[21]

Charlottesville-område husa dei amerikanske presidentane Thomas Jefferson, James Madison og James Monroe. Monticello, plantasjen til Jefferson, ligg berre nokre kilometer frå sentrum. Heimen til James Monroe, Ash Lawn-Highland, ligg i nærleiken av Monticello. Rundt 25 mile (40 km) nordaust for Charlottesville ligg heimen til James og Dolley Madison, Montpelier. Om sommaren blir Ash Lawn-Highland Opera Festival halden ved Paramount Theater i sentrum, med ein konsert på Ash Lawn-Highland.

Shenandoah nasjonalpark tilbyr sceniske fjellområde og fotturruter. Skyline Drive er ei scenisk bilrute som går langs heile parken, dels gjennom djupe skogar og dels gjennom opne landskap. Blue Ridge Parkway er ei liknande scenisk rute som går 469 mile (755 km) sør til Great Smoky Mountains nasjonalpark i Nord-Carolina, og endar ved den sørlege inngangen til Shenandoah, der ho går over til Skyline Drive. Dei to røtene møter kvarandre 22 mile (35 km) vest for Charlottesville sentrum.

Charlottesville sentrum er eit økonomisk senter for Albemarle County. Her ligg Downtown Mall, ein av dei lengste utandørs kjøpesentera i landet, med butikkar, restaurantar og attraksjonar. Paramount Theater husar ulike førestillingar, som Broadway-show og konsertar. Andre teaterverksemder i sentrum er lokalteateret Live Arts. Utanfor sentrum ligg New Lyric Theatre og Heritage Repertory Theatre ved UVa. Andtr attraksjonar ved Downtown Mall er Virginia Discovery Museum og eit 3500-seters utandør amfiteater, Ting Pavilion (tidlegare Sprint Pavilion og nTelos Wireless Pavilion). Court Square, som ligg nokre kvartal unna Downtown Mall, er det opphavlege sentrumet i Charlottesville. Her ligg det fleire historiske bygningar som stammar frå tida då byen blei grunnlagd i 1762.

Charlottesville husar også University of Virginia, sjølv om det meste av det teknisk sett ligg i Albemarle County.[22] Under skuleåret kjem over 20 000 studentar til Charlottesville for å studera ved universitetet. Det har hovudområde på vestkanten av Charlottesville, med Thomas Jefferson's Academical Village, kjend som The Lawn, som sentralt element. The Lawn er ein lang esplanade med to prominente strukturar, The Rotunda (designa av Jefferson) og Old Cabell Hall (designa av Stanford White). Langs The Lawn og den parallelle Range ligg det studentbustader reserverte for utmerkte studentar. Eit kvartal unna The Rotunda ligg University of Virginia Art Museum, som viser verk frå ei samling på over 10 000 gjenstandar og ullike utstillingar frå nasjonale kjelder. Ein finn også Judge Advocate General's Legal Center and School her, der alle militæradvokatar i den amerikanske hæren, kjende som JAGs, tek kurs som er spesifikke til militærjuss.

Downtown Mall

The Corner er det kommersielle distriktet og grensar til University of Virginia sine eigedommar langs University Avenue. Området er fullt av studentbarar, etetstader og butikkar som sel universits-minne, og er hektisk i skuleåret. West Main Street, som går frå Corner til Downtown Mall, er eit kommersielt distrikt med restaurantar, barar og andre verksemder.[23]

Charlottesville husar Virginia Film Festival kvart år i oktober, Charlottesville Festival of the Photograph i juni og Virginia Festival of the Book i mars. I tilllegg blir Foxfield Races, steeplechase-hesteløp, haldne kvart år i april og september. Det blir halde ei fjerde juli-feiring ved Monticello kvart år, og det er blitt halde ei First Night-feiring i samband med nyttår ved Downtown Mall sidan 1982.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «U.S. Census QuickFacts». United States Census Bureau. Henta 12. august 2021. 
  2. «Population, Census». US Census. 1. april 2010. Arkivert frå originalen 13. februar 2020. Henta 23. januar 2016. 
  3. «About the Thomas Jefferson Foundation and Monticello». The Thomas Jefferson Foundation. Arkivert frå originalen 14. februar 2008. Henta 18. mars 2008. 
  4. «US Gazetteer files: 2010, 2000, and 1990». United States Census Bureau. 12. februar 2011. Henta 23. april 2011. 
  5. Swanton, John R. (420). The Indian Tribes of North America. Smithsonian Institution. s. 72. ISBN 0-8063-1730-2. OCLC 52230544. 
  6. Slavery at the University of Virginia – Encyclopedia Virginia (på engelsk), henta 4. juni 2022 
  7. «The rite stuff: What the Episcopal Church's position on gay marriage can teach us about the middle ground». c-ville.com. July 30, 2013. Henta 19. oktober 2019. 
  8. «First Baptist Church (Charlottesville)». The Journey Through Hallowed Ground Partnership. Arkivert frå originalen 18. mai 2015. Henta 7. mai 2015. 
  9. Rediscovering Jewish Infrastructure: Update on United States Nineteenth Century Synagogues, Mark W. Gordon, American Jewish History 84.1 (1996) 11–27 [1]. 2019 article update.
  10. «Ninety-Two Acre Tract on Rugby Avenue Will Be Converted into Playground for whites. Second Tract, on Rose Hill, For Colored». Daily Progress. 21 January 1926. 
  11. Johnson, Jocelyn Nicole (December 13, 2018). «Can exposing Americans to Charlottesville's savage, racist history save it?». The Guardian. 
  12. II, Vann R. Newkirk (18. august 2017). «Black Charlottesville Has Seen This All Before». The Atlantic (på engelsk). Henta 20. august 2018. 
  13. «Local NAACP Seats Officers Tonight». Charlottesville-Albemarle Tribune. January 21, 1971. 
  14. «About Us». Albemarle-Charlottesville NAACP. Henta 30. november 2018. 
  15. Miller, Michael E. (1. mars 2020). «Charlottesville won't celebrate Thomas Jefferson's birthday. It will mark slavery's end instead». The Washington Post. 
  16. Southern Poverty Law Center, Hate Watch Staff. «Organizers and leaders of Charlottesville's Deadly Rally Raised Money With PayPal». Southern Poverty Law Center. Henta 17. august 2017. 
  17. Joe Heim, Ellie Silverman, T. Rees Shapiro & Emma Brown (August 12, 2017), "One dead as car strikes crowds amid protests of white nationalist gathering in Charlottesville; two police die in helicopter crash" Arkivert 12. august 2017 ved Wayback Machine., The Washington Post.
  18. Archived at Ghostarchive and the Wayback Machine: C-VILLE Weekly (February 4, 2008). Interview with Carey Sargent. Henta August 12, 2017 – via YouTube. 
  19. «Blue Ridge Chamber Orchestra». brco.avenue.org. Henta 11. januar 2022. 
  20. «Mission and History». Youth Orchestras of Central Virginia (på engelsk). Arkivert frå originalen 11. januar 2022. Henta 11. januar 2022. 
  21. «Charlottesville Symphony at the University of Virginia | McIntire Department of Music». music.virginia.edu. Henta 11. januar 2022. 
  22. UVa's main grounds lie on the border of the City of Charlottesville and Albemarle County. Although maps may include this area within the city boundaries, most of it legally is in the county. Exceptions include the University Hospital, built in 1989 on land that remains part of the city. Detailed PDF maps are available at: «Space and Real Estate Management: GIS Mapping». University of Virginia. Henta April 25, 2008.  See also: Loper, George (July 2001). «Geographical Jurisdiction». Signs of the Times. Arkivert frå originalen April 16, 2008. Henta April 25, 2008. 
  23. McNair, Dave (17. januar 2008). «West Main Street: Then and Now». The Hook. Arkivert frå originalen 19. februar 2008. Henta 24. februar 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Charlottesville