Child Ballads

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Child Ballads
The English and Scottish Popular Ballads
Cover of Francis James Child's ''English and Scottish Popular Ballads''.jpg
Forfattar(ar)Francis James Child
Språkengelsk

The Child Ballads er ei samling av 305 balladar frå England og Skottland og dei amerikanske variantane deira, samla av Francis James Child i siste halvdel av det 1800-talet. Samlinga blei gjeven ut under tittelen The English and Scottish Popular Ballads i ti band mellom 1882 og 1898. Balladane er av ulik alder; til dømes blei ein versjon av «A Gest of Robyn Hovud» seint på 1400- eller tidleg på 1500-talet, og manuskriptet med «Judas» er frå det 1200-talet. Flesteparten av balladane akn derimot daterast til 1600- eller 1700-talet. Sjølv om kan ein rekna med at nokre av dei har svært gammalt opphav, er det berre ein handfull som beviseleg skriv seg frå før 1600. Vidare er det berre få av melodiane som er like gamle som tekstane. Mange av dei hadde vorte trykt tidlegare som broadsides, men Child si samling var meir omfattande enn noka tidlegare samling av balladar på engelsk.

På andre språk fanst det få tilsvarande samlingar, men samlinga «Danmarks gamle Folkeviser», som blei byrja av Sven Grundtvig i 1853, var eit forbilde for Child. Han hadde eit nært samarbeid med Grundtvig og dette resulterte blant anna i alle tilvisingane til nordiske balladar i kommentarane til balladane.

Der Child meinte fleire balladar var variantar av same forteljing, plasserte han dei under same nummer og namn sjølv om skilnadene kunne vera store. Likeeins kan ulike balladar innehalda frasar eller heile vers som er identiske.

Balladane i samlinga tek for seg tema som er typisk for mange balladar: romantikk, opplevingar med det overnaturlege, historiske hendingar, moral, gåter, heltar og drap. I nokre tilfelle fortel songane om historiske personar og kjende hendingar; andre skil seg ikkje frå eventyr i anna enn forma. Nokre har òg fått parallelle eventyrformer. Ein relativt stor del av songane er om Robin Hood; ein annan tilbakevendende figur er kong Arthur.

Mange av balladane lever vidare i dag som ein del av folk-rørsla frå etterkrigstida og seinare. Britiske «electric folk»-band som Fairport Convention og Steeleye Span har i stor grad hatt Child-balladar i sine repertoar. Harry Smith tok fleire av dei med på sin Anthology of American Folk Music; dei er blitt jamt framførte av Joan Baez og er òg å finna i repertoaret til artiastar som ikkje er knytt direkte til folkemusikk. Til dømes har Ween spelt inn ein versjon av «The Unquiet Grave» (Child 78) med tittelen «Cold Blows the Wind». Mange har òg spelt inn versjonar av «Barbara Allen» (Child 84): The Everly Brothers, Art Garfunkel og John Travolta.

Peter Eagle brukte i romanen The Last Unicorn (Den siste enhjøring) materiale frå mange Child-balladar, og lèt ein figur – Captain Cully – bestemma seg for å gjera seg sjølv til ein ny Robin Hood gjennom å la seg minnast i balladar. Han trur feilaktig at ein annan figur er ein «Mr Child» og freistar å få han til å samla balladane han har skrive sjølv.

John Jacob Niles gav i 1960 ut The Ballad Book of John Jacob Niles der han peika på samband mellom Child-balladane og folkemusikk i det sørlege USA og Appalachane. Mange av songane han omtaler blei fanga opp av the Folk Music Revival, til dømes «The Riddle Song» («I Gave My Lóve a Cherry») som ifølgje Niles er knytt til «Riddles Wisely Expounded» (Child 1).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Child, Francis James. The English and Scottish Popular Ballads, 5 bind (Dover Publications, 2003)
  • Bronson, Bertrand Harris. The Traditional Tunes of the Child Ballads, with Their Texts, According to the Extant Records of Great Britain and North America, 4 bond (Princeton and Berkeley: Princeton University and University of California Presses, 1959, ff.).
  • Bronson, Bertrand Harris. The Singing Tradition of Child's Popular Ballads (Princeton: Princeton University Press, 1976).