Robin Hood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robin Hood

Opptrer isoga om Robin Hood
Identifisert medRobin Hood, Robin Wood
LandKongeriket England
EktefelleMaid Marian
SambuarMaid Marian

Robin Hood er ein kjend, legendarisk skikkelse frå England. Eksistensen hans har ikkje kunna påvisast historisk, men det er blitt gjort mange forsøk.

Robin Hood blir sagt å ha levd saman med vennene sine i skogen etter å ha blitt lyst fredlaus for å ha opponert mot styresmaktene, særleg det britiske presteskapet, skatteinnkrevaren og sheriffen. Det finst fleire forteljingar om det han skal ha utretta. Han blir sagt å ha vore dyktig i bruk av boge og andre våpen. I nokre forteljingar blir han knytt til ein kjærast frå høgare samfunnslag. Ho blir vanlegvis kalla Marion, men nokre stader blir ho kalla Mary og Maud. Robin Hood skal ha støtta dei undertrykte og fortsette motstanden sin mot øvrigheita. Det blir sagt at han «stal frå dei rike og gav til dei fattige». Desse trekka er omstridde, men ideologisk modifiserte gjennom tidene. Forteljinga har dermed appellert til folkemassane; Robin Hood er blitt sett på som ein som kjempa mot urettferd og hjelpte dei svake.

Dei eldste kjeldene[endre | endre wikiteksten]

Frå ein Gest of Robyn Hode frå 1500-talet

Ein meiner at dei eldste forteljingane om Robin Hood kan stamma frå høgmellomalderen. Den eldste av dei bevarte forteljingane, gjerne kjent som Robin Hood and the Monk, blir omtalt i innleiinga som talkyng of the monke and Robyn Hode. Ho er kjend frå ei manuskriptsamling frå omkring 1450, men er noko eldre enn dette. To lengre dikt, A Gest of Robyn Hode og A Lyttell Gest of Robyn Hode, finst i fleire versjonar frå byrjinga av 1500-talet. Dei fleste av hovudelementa i legenda blir skildra i desse, som at Robin er lovlaus, ein særs god bogeskyttar, og ein som vernar dei svake.

Det finst også eldre referansar til Robin Hood. Den eldste som er kjend er frå kring 1377, i William Langland sitt dikt Piers Plowman. Der står det:

Originaltekst Omsetjing
I can noght parfitly my Paternoster as the preest it syngeth

But I can rymes of Robyn hood and Randolf Erl of Chestre.

Eg kan ikkje min Fadervår perfekt slik presten syng han

Men eg kjenner versa om Robin Hood og Randolph, jarl av Chester.

Det finst andre kjelder som tyder på at legenda var kjent allereie i 1261–1262. Det er altså eit tidsrom på omkring to hundreår mellom dei første hinta om legenda og den eldste bevarte versjonen av henne.

I renessansen heldt ein festivalar der ein kledde seg ut som Robin Hood og vennene hans. Også dei kongelege var med på dette.

Den verkelege Robin Hood?[endre | endre wikiteksten]

Statue av Robin Hood i Nottingham

Det er blitt gjort mange forsøk på å finna bakgrunnen for skikkelsen Robin Hood. Frå mange hald er det blitt hevda at han verkeleg har levd. Frå andre hald har ein meint det motsette. Den prestisjetunge Dictionary of National Biography har ein biografi om han som eine og åleine er skriven for å forklara at han aldri har eksistert.

Det første kjente forsøket på å identifisera sogefiguren Robin Hood med ein verkeleg person kom i Andrew de Wyntoun si krønike over skotsk historie fram til 1408, som var ferdig i 1420. Der tidfesta han Robin Hood og Little John til 1283–1285, og plasserte dei i Inglewood og Barnsdale.

Kring tjue år seinare skreiv ein annan skotte, Walter Bower, at han var ein «kjend mordar ... som den dumme befolkninga er så overordentleg glad i å hylla både i tragedie og komedie», og tidfesta han til 1266. Dette plasserte Robin i ei mogleg historisk kontekst blant adelsmennene som hadde mista rettane sine etter slaget ved Evesham i 1265.

Den tredje kjente tidfestinga var det òg ein skotte som stod for, John Major. Han gav ut History of Greater Britain i 1521, og plasserte Robin Hood i åra 1193–1194, medan Rikard løvehjarte var i fangenskap etter krosstoget.

Det blei ikkje gitt noka grunngiving eller tilvisingar som støtta nokre av dei tre dateringane, men den siste blei etter kvart den mest aksepterte, og i den moderne forma av legenda er Robin Hood uløyseleg knytt til Rikard løvehjarte og Johan utan land, medan Sherwoodskogen i Nottinghamshire blei allment akseptert som heimstaden hans. Barnsdale i South Yorkshire var lenge òg rekna som ein mogleg stad, og i nokre versjonar blir dei to blanda saman slik at sheriffen av Nottingham opptrer i Barnsdale, eit område der han ikkje ville ha hatt nokon mynde.

I 1795 gav Joseph Ritson ut ei særs innverkandsrik samling av gamle Robin Hood-balladar, Robin Hood: A collection of all the Ancient Poems Songs and Ballads now extant, relative to that celebrated Outlaw.[1] I forordet presenterer han dei kjeldene han har gjennomgått, og meinte at den historiske Robin Hood var ein mann ved namn Robert Fitzooth, som døydde 18. november 1247.[2]

I seinare tida har fleire forskarar prøvde å finna opphavet til forteljingane, og nokre har gått ut ifrå at dei kan vera baserte på fleire ulike hendingar og element. Fleire historikarar tenker seg at Robin Hood ikkje er basert på éin person, men snarare på fleire personar med liknande omstende.

Ein interessant faktor er at ein frå særs gammalt av, truleg heilt tilbake til heidensk tid, kjenner ein festival som blei halden i mai til ære for ei slags ånd eller alv som var kjend som Robin Goodfellow. Ein liknande person blir omtalt i fransk litteratur, der han er kalla Robin de Bois, 'Robin frå skogane'. Denne mytiske skikkelsen kan kanskje vera ein del av opphavet.

Den litterære Robin Hood[endre | endre wikiteksten]

Frå omlag regjeringstida til Elisabet I blei det skrive teaterstykke om Robin Hood. Seinare er han kjent som ein viktig litterær skikkelse. Det er bltit skrive mange bøker om han, også for barn. Han blir sett på som ein velgjerar som gjorde godt mot allmugen og tukta urettvise makthavarar.

Særleg gjennom Walter Scott sitt verk Ivanhoe er han blitt eit symbol på striden mellom angelsaksarar og normannar.

Blant dei mest utbreidde moderne versjonane av Robin Hood-sogene kan reknast den amerikanske kunstnaren Howard Pyles (1853–1911) si Merry adventures of Robin Hood (1883), som er gjeven ut fleire gonger på norsk, både med og utan forfattarangjeving. Robin Hood (1950) av Rosemary Sutcliff er ei attforteljing av teksten til Pyle.

Filmatiseringar[endre | endre wikiteksten]

Det er laga ei rekke filmar og fjernsynsseriar om Robin Hood. Dei fleste følgjer ein felles versjon av legenda, der historia er lagt til perioden der Rikard løvehjarte var i fangenskap og Johan utan land hadde rana til seg makta. Dette har bidratt mykje til å styrka denne versjonen som den dei fleste kjenner til i moderne tid.

1922-versjonen med Douglas Fairbanks i hovudrolla
  • 1908: Robin Hood and His Merry Men var den fyrste filmen om Robin Hood. Stumfilmen var regissert av Percy Stow.
  • 1922: Robin Hood var den første heilaftansfilmen om Robin, med Douglas Fairbanks i hovudrolla. Dette var også ein stumfilm, med Robin som ein atletisk storsjarmør. Mange kritikarar reknar denne som den definitive filmversjonen av legenda, og han har påverka dei fleste seinare filmar om Robin Hood.
  • 1938: Robin Hoods eventyr med Errol Flynn i hovudrolla var den første lydfilmen om Robin. Flynn speler ein smart og veltalande Robin. Også denne filmen er rekna som ein klassikar. Det amerikanske filminstituttet har kåra Flynn sin Robin Hood-figur til den 18. beste helteskikkelsen i filmhistoria.[3]
  • 1939: Robin Hood Makes Good er ein teiknefilm av Chuck Jones, med eit lite ekorn som ønsker å etterlikna Robin Hood. Filmen er interessant i Robin Hood-samanheng fordi han er den fyrste teiknefilmen som tar opp legenda.
  • 1946: Bandit of Sherwood Forest
  • 1948: Tyvenes prins
  • 1949: Rabbit Hood er den andre teiknefilmen som byggjer på soga, også denne av Chuck Jones. Snurre Sprett har rolla som sheriffen av Nottingham, medan Robin Hood er basert på tolkinga til Errol Flynn.
  • 1951: Tales of Robin Hood
  • 1952: The Story of Robin Hood and His Merrie Men og Miss Robin Hood
  • 1953: Robin Hood frå BBC er den første fjernsynsserien om Robin. Han blei laga i seks delar med Patrick Troughton i hovudrolla.
  • 1955–1960: Adventures of Robin Hood var ein britisk serie som blei sendt kvar veke, med Richard Greene i hovudrolla. Nokre av episodane var skrivne av Hollywood-forfattarar som var blitt svartelista under mccarthyismen, og har ei høg grad av samfunnsmedvit bakt inn i historia. Nokre av episodane blei sette saman til langfilmslengd, og vist som Robin Hood's Greatest Adventures (1956), Robin Hood, the Movie (1958), Robin Hood: The Quest for the Crown (1958) og Sword of Sherwood Forest (1960).
  • 1958: Robin Hood Daffy, Chuck Jones sin den tredje teiknefilm om Robin, hadde Daffy Duck i rolla som Robin Hood.
  • 1964: Robin and the Seven Hoods var ein parodi med Frank Sinatra og Dean Martin der handlinga var lagt til Chicago i forbudstiden.
  • 1967: A Challenge for Robin Hood
  • 1967: Rocket Robin Hood, ein versjon lagt til romalderen
  • 1968: Pinkcome Tax, ein teiknefilm med Den rosa panteren som Robin Hood
  • 1973: Robin Hood frå Disney er den best kjende tegnefilmversjonen av legenda. Det er brukt dyr i alle roller. Robin Hood er ein rev.
  • 1975: Legenden om Robin Hood (The Legend of Robin Hood) var ein britisk miniserie fra 1975 i seks episodar fra BBC med Martin Potter i hovudrolla. Sendt på NRK vinteren 1977.
  • 1975: When Things Were Rotten var ein komiserie om Robin Hood produsert av Mel Brooks.
  • 1975: Robin Hood's Arrows var ein sovjetisk versjon av legenda.
  • 1976: Robin and Marian gav ein avvikande versjon av legenda, der Sean Connery og Audrey Hepburn spelte eit par ved slutten av livet.
  • 1981: Time Bandits av Terry Gilliam er ein komedie der John Cleese speler Robin Hood som ein overklasseidiot.
  • 1983: Баллада о доблестном рыцаре Айвенго (Balladen om den tapre riddaren Ivanhoe) er ein sovjetisk versjon av historia om Ivanhoe, der Robin Hood hjelper helten.
  • 1984: The Zany Adventures of Robin Hood er en fjernsynskomedie med George Segal som Robin og Morgan Fairchild som Marian.
  • 1984–1986: Robin of Sherwood er ein britisk fjernsynsserie, laga som ein new age-fantasi. Et nytt element som kom med i denne versjonen, og som seinare har vore med fleire gonger, er ein muslimsk følgesvenn.
  • 1989–1994: Maid Marian and her Merry Men er ein fjernsynsserie for barn der Marian hadde hovudrolla, medan Robin var ein tjukkskalla, tåpeleg figur.
  • 1990: Young Robin Hood er ein teiknefilmserie med Robin og Marian og dei andre som tenåringar. Serien inneheld fleire fantasielement, som ei gammal kvinne med magiske evner.
  • 1990: Robin Hood no Dai Boken er ein japansk serie der figurane er barn. Også denne serien har ei rekkje fantasielement.
  • 1991: Robin Hood er ein film av John Irving med Patrick Bergin og Uma Thurman i hovudrollene.
  • 1991: Robin Hood: Tyvenes prins er Kevin Costner sin versjon av legenden.
  • 1993: Robin Hood – Helter i strømpebukser er ein langfilmparodi på legenda Mel Brooks. Mange element frå den tidlegare serien hans blei brukte opp att. Cary Elwes hadde hovudrolla.
  • 1996: Robin of Locksley er ein fjernsynsfilm med Devon Sawa som ein tenårings-Robin. Historia er lagt til ein internatskule i moderne tid.
  • 1997: The New Adventures of Robin Hood er ein fransk-amerikansk fjernsynsserie med først Matthew Porretta og deretter John Bradley som Robin.
  • 1999: Back to Sherwood er ein fjernsynsserie for barn der ei tenåringsjente, Robyn Hood, som er ein etterkomar etter Robin finn ut at ho kan reisa tilbake i tid, og sluttar seg til barna til Robin sin gjeng.
  • 1999: «Back and Forth» er ein spesialepisode av Sorte Orm der Edmund Blackadder møter blant anna Robin Hood, spelt som ein Lord Flashheart-klone av Rik Mayall.
  • 2001: Princess of Thieves er ein fjernsynsfilm med Keira Knightley i rolla som Robin si dotter og etterfølgjar.
  • 2006: Robin Hood er ein fjernsynsserie produsert av Tiger Aspect for BBC One, med Jonas Armstrong i hovudrolla.
  • 2010: Robin Hood er ei nyinnspeling av soga regissert av Ridley Scott (mannen bak Gladiator) med Russell Crowe i hovudrolla som Robin Hood.
  • 2018: Robin Hood er endå ei ny innspeling av den kjende historia. Taron Egerton speler rolla som Robin Hood, fienden til sheriffen av Nottingham. Jamie Foxx fekk rolla som Little John, bestevennen til Robin Hood.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1887 reprint, publisher J.C.Nimmo, https://archive.org/details/robinhoodcollect01ritsrich accessed JAN 18 2016, digitized 2008 from book provided by University of California Libraries
  2. https://archive.org/stream/robinhoodcollect01ritsrich/robinhoodcollect01ritsrich_djvu.txt Retrieved 12 January 20016
  3. «AFI'S 100 YEARS...100 HEROES & VILLAINS». Det amerikanske filminstituttet. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 1. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Robin Hood