Chinyanja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chinyanja
(chicheŵa, chewa nyanja)
Klassifisering: Niger-kongo
 Atlantisk
  Volta-kongo
   Benue-kongo
    Bantu
     Sørlege
      Eigentlege bantu
       Sentrale
        Nordlege
         Chichewa
Bruk
Tala i: Flag of Malawi.svg Malawi
Flag of Mozambique.svg Mosambik
Flag of Zambia.svg Zambia
Flag of Zimbabwe.svg Zimbabwe
Chinyanjatalande i alt: 9,3 millionar
Språkkodar
ISO 639-1: ny
ISO 639-2: nya
ISO 639-3: nya
Wikipedia på chinyanja

Chinyanja eller chichewa er eit sørleg bantuspråk som har rundt 9,3 millionar talarar. Det er offisielt språk i Malawi og blir også snakka i Mosambik og delvis i Zambia og Zimbabwe. Chinyanja er det mest utbreidde språket i Malawi, der det særleg blir tala i sentrale og sørlege område.[1]

Nominalklassen chi- blir brukt som forstaving for språk.[a] I Malawi blei namnet på språket offisielt endra frå «chinyanja» til «chichewa» i 1968 på ordre frå president Hastings Kamuzu Banda (som var av chewafolket), og dette er framleis det vanlegaste namnet brukt i Malawi i dag.[2] I Zambia er språket vanlegvis kjend som nyanja eller «cinyanja»/«chinyanja» '[språket] frå sjøen', som viser til Lake Malawi).[3] Språknamnet blir skrive «cinianja» i Mosambik.

Chinyanja er eit bantuspråk i sone N (N31).

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Chewa har fire vokallydar, /a, ɛ, i, ɔ, u/. Desse blir skrivne a, e, i, o, u.

Ein mann som snakkar ein zambisk variant av chinyanja.

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Konsonantar i chinyanja kan vera enkle (dvs. følgd av ein vokal), labialiserte (følgd av w) eller palataliserte (følgd av eller kombinert med y):

  • ba, kha, ga, fa, ma, sa etc.
  • bwa, khwa, gwa, fwa, mwa, swa etc.
  • bza, khya, ja, fya, nya, sha etc.

Ortografi[endre | endre wikiteksten]

Chinyanja blir skrive med litt ulik ortografi i Mosambik og dei andre landa. Ortografien bruker det latinske alfabetet, med ein tilleggsbokstav, ŵ, som blir brukt for bilabial frikativ.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Som ki- i kiswahili

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mchombo (2006).
  2. Kishindo (2001), s. 265.
  3. For stavinga chinyanja sjå Lehmann (1977). Begge stavemåtane er i bruk i Zambia Daily Mail.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediachinyanja

Litteratur