Hopp til innhald

Chiyah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chiyah
الشياح
by
Land  Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Baabda distrikt
Koordinatar 33°51′43″N 35°30′49″E / 33.86194°N 35.51361°E / 33.86194; 35.51361
Kart
Chiyah
33°51′43″N 35°30′49″E / 33.861944444444°N 35.513611111111°E / 33.861944444444; 35.513611111111

Chiyah (arabisk الشياح Ach-Chayyah) er ein by vest for den libanesiske hovudstaden Beirut og er ein del av Stor-Beirut.

Historisk har byen vore ein kristen by, men han har vorte delvis busett av sjiaer. Under osmansk tid vart han styrt av Arslan-familien og seinare av Shihab-dynastiet.

Chiyah ligg i den sørvestlege forstaden til hovudstaden Beirut og grensar til Haret-Hreik, Ghobeiry, Hadath, Hazmieh, Furn-el-chebbak og Ain El Remanneh. Men før 1956 brukte han å dekkje eit større område som omfatta dei noverande distrikta Karm el Zeitoun, Hayy el Knissé, Bir Abed og Haret el Mjadlé as well as Jnah, Ghobeiry, Furn-el-chebbak, Bir Hassan og Ain El Remanneh.

Byen var ein gong dekt av sitrushagar og strekte seg til Middelhavet, men er i dag ein forstad til Beirut med kring 60 000 innbyggjarar.

I Chiyah bur familien Gharios, ein av dei mest kjende og rikaste familiane i Libanon med røter attende til den kjende Sheiks Chemor frå Kfarhata (tidlegare kristne herskarar av Aaqoura og Zgharta).[treng kjelde]. Andre markante innbyggjarar i Chiyah er dei døde ministrane og paralmentsmedlemane Michel Zaccour og Wadih Naim og legen Nakhleh Achkar.