Chris Brasher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chris Brasher
Fødd 21. august 1928
Georgetown i Guyana
Død

28. februar 2003
Chaddleworth

Yrke journalist, langdistanseløpar, orienteringsløper

Christopher William Brasher, kjend som Chris Brasher, (21. august 192828. februar 2003) var ein britisk friidrettsutøvar som vart olympisk meister på 3000 meter hinder i 1956.

Brasher var fødd i Georgetown i den britiske kolonien Britisk Guyana og voks opp i Jerusalem, ettersom far hans arbeidde i det britiske koloniveldet.

Under Sommar-OL 1956 i Melbourne overraska Brasher og vann 3000 meter hinder på tida 8.41,2. Straks etter løpet vart Brasher diskvalifisert fordi han skulle ha hadde hindra nordmannen Ernst Larsen, men «Kruska-Larsen» forklarte til juryen at han ikkje hadde vorte hindra, og diskvalifikasjonen vart heva.

Frå 1957 arbeidde Brasher som sportsreportar for avisa The Observer og seinare for fjernsynskanalen BBC. Han var i 1957 den fyrste som skreiv om idretten orientering i ein britisk publikasjon. I 1981 gjorde han opptaket til London Maraton.

Brasher døydde i heimen sin i Chaddelsworth i Berkshire i 2003.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]