Christen Grønnerup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christen Grønnerup
Fødd2. april 1780
Hjørring
Død28. august 1846 (66 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkekjøpmann, politikar
VervStortingsrepresentant for Tønsberg og Holmestrand 1821–1823
VervStortingsrepresentant for Holmestrand 1827–1829
VervStortingsrepresentant for Holmestrand 1836–1838
VervOrdførar i Holmestrand Aug. 1838-Des. 1838
FøregangarNils Ihlen
EtterfylgjarDavid Christopher Wejdemann
Alle verv

Christen Grønnerup (2. april 178028. august 1846) var ein dansk-norsk kjøpmann og stortingsmann frå Hjørring, aktiv i Holmestrand.

Grønnerup var frå byen Hjørring på Jylland. I 1809 vart han tilsett på eit handelskontor i Holmestrand, nokre år seinare gifta han seg med ei kjøpmannsdotter i kjøpstaden og vart sjølv kjøpmann og eigar av bygard.

I 1815 kom Grønnerup med «en frimodig uttalelse» i Nationalbladet. Utsegna førte til at han vart tiltala for brot på trykkefridomen, men han vart frikjend då saka kom til doms to år seinare. Grønnerup var Tønsberg og Holmestrand sin representant på Stortinget i 1821 og på det overordentlege Storting 1822. I 1821 var han medlem av fire komitear, mellom anna i komiteen om politistellet i stiftsbyane, og komiteen om toll- og konsumpsjonsstellet. Seinare representerte han Holmestrand åleine på stortingsamlingane i 1827, 1828, 1836, 1836-37. Her var han i 1827 med i komiteen om handel- og næringsfridom, på det overordentlege Storting i 1828 i komiteen om vallova, medan han i 1836 var medlem av budsjettkomiteen, og på det overordentlege Storting 1836-37 av gasjekomiteen.

Få månader før han døydde i Holmestrand i 1846 oppretta Grønnerup eit legat verd 1 500 spesiedalar i sølv, pengar som gjekk til «et asyl med haandgjerningsskole». Kapitalen i legatet var på kroner 10 000 ved år 1900.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]