Christian Gjessing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Christian Gjessing (5. april 180618. april 1882) var ein norsk skipsførar, forsikringsmann og stortingsmann frå Porsgrunn.

Gjessing var son til ein offiser i det miltære. Sjølv arbeidde han til sjøs, fram til 1846 som skipper. Han var kasserar for skipsassuranseforeininga til Drammen og Holmestrand i tida 1846-66. I 1852 busette han seg han ein gard i Skoger som han åtte, og byrja samstundes som dispasjør. Etter nokre år i Skoger flytta han tilbake til Drammen, der han i «flere aar» var medlem av bystyret.

Gjessing var 2. representant for Drammen på Stortinget 1857 og det overordentlege Storting 1858. Han var då medlem av næringskomite nr 2. Til Stortinget 1862-63 var han 1. varamann, og møtte då frå april 1863 i staden for avdøde Frederik M. Olsen. Her fekk han plass i kyrkjekomite nr 1.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]