Christian Sissener

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Sissener
Christian Sissener 1896.jpg
Fødd 15. november 1849
Trondheim
Død

4. januar 1903
Christiania

Yrke politikar, godseigar

Christian Frederik Møllerop Sissener (15. november 18494. januar 1903) var ein norsk godseigar og politikar frå Trondheim. Han var stortingsmann 1898-1900 frå Smaalenene.

Sissener var son til ein infanterioffiser. Sjølv vart han student i 1870 og studerte så jordbruk i nær eit år hos storbonden Arne Omsted i Grue, medan han i 1873/74 gjekk landsbruksskulen på Ås i Akershus.

I 1874 kjøpte Sissener herregarden Tomb i Råde i Østfold, der han sidan budde. Han var heradsstyremedlem 1878-82 og på ny frå 1888; ei tid som varaordførar. Sissener var styremedlem i den lokale sparebanken, i amtet sitt landsbruksselskap og styret i Norges Vel. Han var formann i Norsk meieriforening og Norsk travselskap.

Sissener var valmann 1888, 1891, 1894 og 1897. Fyrst på valtinget 1897 nådde han opp og representerte perioden 1898-1900 Smaalenenes amt og partiet HøgreStortinget. Han var medlem i Landbrukskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]