Christina Lathan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christina Lathan

Christina Lathan, fødd Brehmer, (fødd 28. februar 1958) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Altdöbern i Brandenburg som tevla for Aust-Tyskland. Ho vann OL-gull 1976 og EM-gull 1978 i 4 x 400 m stafett og OL-sølv 1976, EM-sølv 1978 og OL-bronse 1980 på 400 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Brehmer forbetra i slutten av april 1976 den austtyske rekorden på 400 meter til 50,10 sekund ved eit stemne i Sotsji i Sovjetunionen. Den 10. mai sette ho verdsrekord i Dresden, ho vart då klokka i mål på tida 49,77. Verdsrekorden vart berre seks veker gammal, til dess polske Irena Szewińska sprang distansen på 49,75 sekund. I OL-finalen i Montreal den 29. juli kneip Brehmer sølvmedaljen på 400-meteren, slått med over sekundet av Szewińska som forbetra verdsrekorden til 49,29. To dagar sprang Brehmer Aust-Tyskland inn til OL-gull og verdsrekord i 4 x 400 m stafett, etter Doris Maletzki, Brigitte Rohde og Ellen Streidt og Doris Maletzki hadde teke seg av dei tidlegare etappane.

I europameisterskapen 1978 kneip Brehmer på ny ein sølvmedalje på 400 m, to hundredels sekund føre Irena Szewińska, begge to vart for statistar å rekne mot Marita Koch som flytta verdsrekorden til under 49 sekund. Meisterskapen i Praha vart avslutta med EM-gull i 4 x 400 m stafett, saman med Christiane Marquardt, Barbara Krug og Marita Koch.

Under Sommar-OL 1980 forbetra ho som Christina Lathan sitt personbeste på 400 meter til 49,66 sekund og fekk bronsen, Marita Koch vart olympisk meister og Jarmila Kratochvílová tok sølv. I 4 x 400 stafett fekk Lathan sølv i lag med Gabriele Löwe, Barbara Krug og Marita Koch.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1976 i Montreal: Sølv på 400 m – 50,51, bakom (49,29). Gull i 4 x 400 m (3.19,2)
  • EM 1978 i Praha: Sølv på 400 m – 50,38, bakom Marita Koch (48,94). Gull i 4 x 400 m (3.21,2)
  • OL 1980 i Moskva: Bronse på 400 m – 49,66. Sølv i 4 x 400 m (3.20,3)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]