Christoph Willibald Gluck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christoph Willibald Gluck
Christoph Willibald Gluck painted by Joseph Duplessis.jpg
Gluck, detalj frå eit portrett av Joseph Duplessis, datert 1775 (Kunsthistorisches Museum, Wien)
Verkeleg namn Christoph Willibald Ritter von Gluck
Fødd 2. juli 1714, Erasbach i Bayern i Tyskland
Død 15. november 1787 (73 år), Wien i Austerrike
Periode Klassisismen
Sjanger Opera, kammermusikk
Yrke Komponist

Christoph Willibald Ritter von Gluck (2. juli 171415. november 1787) var ein operakomponist frå tidleg i wienerklassisismen. Etter mange år ved hoffet til Habsburg i Wien gjorde Gluck den praktiske operareforma som mange intellektuelle hadde kjempa for dei siste åra. Med ei rekkje radikale nye verk i 1760-åra, mellom anna Orfeo ed Euridice og Alceste, braut han strupetaket som Pietro Metastasio sin opera seria-stil hadde hatt det meste av hundreåret.

Den sterke påverknaden frå fransk opera i desse verka oppmuntra Gluck til å flytte til Paris i november 1773. Han slo saman tradisjonen frå italiensk opera og den franske nasjonale sjangeren og skreiv åtte operaer for scenane i Paris. Ein av dei siste av desse, Iphigénie en Tauride, vart ein stor suksess og vert ofte trekt fram som det beste verket hans. Sjølv om han var særs populær og har fått æra for å skape ein revolusjon i fransk opera, hadde han ikkje fullstendig grep om operascenen i Paris, og etter at Echo et Narcisse fekk dårleg mottaking, forlet han Paris i avsky og reiste attende til Wien, der han vart verande resten av livet sitt.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Gluck kom frå Øvre Pfalz og studerte først med den tsjekkiske cellisten og komponisten Bohuslav Cernohorsky, og heldt seinare fram studiane med Sammartini i Italia. Han var kjend som operakomponist alt i 1740-åra, og Gluck vitja Paris og London, der han møtte Händel. Han gifta seg i 1750 og slo seg ned i Wien som operadirigent.

I 1762 skreiv Gluck sin Orfeo ed Euridice, og meldte ei ny tid i operahistoria. Han kombinerte dei klassiske ideala som det vakre og enkle med ei naturleg kjensle for dramatisk drivkraft som braut ned mange av dei ovaranstrengte formelle formene frå barokken og sette standard for ein heil ny generasjon operakomponistar.[1]. På mange måtar nyttar operaene på 1800-talet idear frå verka til Gluck.[1]

Sjølv om Gluck var særs kjend på si tid, er verka hans sjeldne å sjå i operahus i dag. Han vert hovudsakleg hugsa som ein reformator som revolusjonerte operasjangeren. I operaen om Alceste skreiv Gluck at han «søkte å avgrense musikken til det den er meint som, å forsyne poesi ved å uttrykke kjensler og situasjonane i historia utan å avbryte og avkjøle handlinga gjennom ei rekkje unyttige og overflødige ornament». Denne utsegna har ofte vorte tolka som eit ønske om å underordne musikken til poesi, men det som inspirerte reforma til Gluck var trua hans på at musikken vert meir uttrykksfull når han er ordentleg balansert med poesi.[1] Så ved til dømes å avskaffe dei tradisjonelle strenge skilja mellom resitativ og ariar, nytta Gluck musikk som eit middel til å oppretthalde ein uavbroten flyt i den dramatiske handlinga. Librettisten for Gluck sine Orfeo ed Euridice, Alceste og Paride ed Elena, dei tre verka som best representerer reforma hans, var Raniero de Calzabigi, ein diktar og kritikar som imøtekom dei grunnleggande ideane til Gluck om poesi og musikk. Til dømes så gjekk Calzabigi imot den tradisjonelle poetiske synet på myologi, som Pietro Metastasio er eit døme på. Medan Metastasio sine mytologiske roller dukkar opp som svakt forkledde roller frå 1700-talet, prøvde poesien til Calzabigi å skape ein tidlaus atmosfære, som perfekt passa til dei kunstnariske intensjonane til Gluck.[1]

Etter å ha sett reformene sine ut i live, produserte Gluck fleire nye verk i Paris. Det mest kjende av desse er Armide (1777), basert på ein gammal libretto av Philippe Quinault, som Lully nytta for eit verk med same namn i 1686. Det vart av konservative sett på som eit åtak på franske musikalske og litterære tradisjonar og operaene til Gluck vart eit mål for ein litterær gruppe som valde Niccolò Piccinni, ein respektert komponist av komedieoperaer, som sitt syn på kva standarden skulle vere. Dei hevda at den italienske (Metastasio-stilen) var overlegen den franske operaen, som Gluck representerte. Dei to komponistane, som respekterte kvarandre, nekta derimot å delta i denne ordkrigen. [1]

I røynda sigra Gluck over motstandarane sine med musikken sin. Verka hans vert rekna som viktige bidrag til musikalsk drama og idane hans vart gradvis aksepterte, først av Piccinni sjølv, og seinare av Luigi Cherubini, som blømde som operakomponist i 1790-åra og tidleg på 1800-talet. På 1800-talet vart måten Gluck skreiv operaer på vidareført av Gaspare Spontini, som igjen påverka Hector Berlioz som operakomponist.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Christoph Willibald GluckAllmusic av Zoran Minderovic. Henta 25. juli 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Christoph Willibald Gluck