Orfeo ed Euridice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Orfeo ed Euridice
Orfeo ed Euridice, Orphée et Eurydice

Språkitaliensk
Tilverting1762
Sjangeropera
Utgitt18. hundreåret
Uroppføring5. oktober 1762
Sluttscena frå ei tysk oppsetjing i 1945 Anneliese Müller som Orfeus og Tiana Lemnitz som Evrydike.

Orfeo ed Euridice («Orfeus og Evrydike») er ein opera (azione drammatica) i tre akter med musikk av Christoph Willibald Gluck og libretto av Ranieri de' Calzabigi.

Ein italienskpråklig versjon med speletid på omtrent to timar blei uroppført i Wien den 5. oktober 1762. Ein omarbeidd og utvida franskspråkleg versjon med speletid på to og ein halv time blei uroppført i Paris den 2. august 1774

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Orfeo ed Euridice er den første av Gluck sine «reformoperaer», som er forsøk på å erstatta dei usannsynlege plotta og den komplekse musikken i opera seria med ein ny enkelheit i høve til både musikk og drama.[1]

Operaen er det mest populære verket til Gluck, og fekk stor påverknad på seinare tysk opera.[1] Variasjonar over temaet redningsoperasjonar i underverda der helten må kontrollera eller skjula kjenslene sine, finn ein også i Tryllefløyten av Mozart, Fidelio av Beethoven og Rhingullet til Wagner.

Sjølv om den opphavlege librettoen var på italiensk, finst det mange trekk frå fransk opera i Orfeo ed Euridice, særleg det akkompagnerte resitativet og mangelen på vokal virtuositet. For å tilpassa verket til den franske smaken gjorde Gluck fleire endringar i vokalistbesetning og orkestrering. Den franske librettoen til Orphée et Eurydice er skriven av Pierre-Louis Moline på grunnlag av versjonen til Calzabigi.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Fyrste akt[endre | endre wikiteksten]

Saman med hyrdingane græt den trakiske songaren Orfeus ved grava til si elska Evrydike. Han bønnfell gudane om å få henne tilbake, og kjærleiksguden Amor dukkar opp. Han fortel at Zevs har gjeve Orfeus løyve til å gå ned i dødsriket Hades. Dersom det lykkast han å røra furiene med songen sin, skal han få ta med seg Evrydike tilbake til verda til dei levande. Vilkåret er at han ikkje snur seg og ser på henne på vegen tilbake. Orfeus takkar og tek fatt på reisa.

Andre akt[endre | endre wikiteksten]

Vaktarane av Hades avviser han fyrst, men Orfeus gir ikkje opp, og etter lengre tids song og spel slepp dei han inn.

Orfeus går inn i Elysion, og etter ei stund viser Evrydike seg. Han lukkar auga, snur seg, tek handa hennar og spring ut utan å sjå seg tilbake.

Tredje akt[endre | endre wikiteksten]

Då dei nesten er oppe i dagslyset, klagar Evrydike over at han ikkje ser på henne, altså kan han ikkje elska henne meir og då vil ho heller venda tilbake til dødsriket. Orfeus blir rørt av dette og snur seg, og Evrydike døyr att. Orfeus vil då sjølv døy for å sameinast med henne, men Amor tek dolken han vil drepa seg med og vekkjer Evrydike til live igjen. Operaen får ein lykkeleg slutt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hayes (Grove Music Online)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]