Christopher Meyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Christopher Bremer Vahl Meyer (16. september 187911. desember 1958) var ein norsk sjøoffiser og forfattar frå Bergen.

Meyer var son til ein proprietær. Sjølv gjekk han sjøkadettskulen i Horten. Han underviste 1906-09 på Bergens sjømannsskule, utnemnd til militærkaptein i 1910. I 1914 gav han ut Forsvarsboken. Mange år seinare, i 1935, fekk han rang av kommandørkaptein, tok avskil i 1939.

Frå 1920 til 1940 var Meyer kontorsjef i Norges Rederforbund i Oslo, der etter var han fungerande direktør til 1942. Etter verdskrigen var han administrerande direktør i Rederiforbundet i 1946-47.

I 1927 kom Meyer ut med Sjøgrensespørsmålet belyst ved statspraksis og folkerettslære. Dette verket, som vart gjeve ut på engelsk i 1937, spelte ei viktig rolle då norske styresmakter, etter å ha vedteke fire mils fiskerigrense i 1935, i 1951 fekk medhald frå valdgiftsdomstolen i Haag, klaga inn av Storbritannia. Iallfall skriv Toralv Øksnevad i Norges fiskerigrense (1952) at dei som var godt kjende med saka, «vil sende en særskilt anerkjennende tanke til den standhaftige veteran kommandørkaptein Chr. Meyer og hans like utholdende forbundsfelle odelstingspresident C.J. Hambro».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958
  • Toralv Øksnevad: Norges fiskerigrense. Muntlige referater av prosedyren og dommen i Haag.(Norsk rikskringkasting 1952.)