Christopher Olsen Blom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christopher Olsen Blom
Fødd 10. juli 1808
Død

2. september 1877

Yrke politikar

Christopher Olsen Blom (10. juli 18082. september 1877) var ein norsk lensmann og stortingsmann fødd i Vråliosen i Vrådal i Telemark. Ole Christophersen Blom var far hans.

Han var gardbrukar på farsgarden i Nese i Kviteseid. I 1856 tok han over som lensmann i Vrådal, ei stilling han hadde til han døydde. Noko tidlegare, 1852, vart han styremedlem i selskapet som kjøpte og dreiv dampskipet «St. Olav». Han var ein rik mann i si tid, sonen Olav øydde heile formuen gjennom mislukka skogspekulasjonar.

Blom var 3. representant frå Bratsbergs amtStortinget i 1854, han var medlem av næringskomite nr 1. Til dei andre stortinga mellom 1848 og 1859-60 var han frå fyrste til fjerde varamann.

Han døydde på garden sin i Kviteseid i 1877.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914