Ohioelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ohio (irokesisk Oyo)
Elv
none  Ohioelva er på det breiaste like vest for Louisville, der ho er 1,5 km brei.
Ohioelva er på det breiaste like vest for Louisville, der ho er 1,5 km brei.
Land Flag of the United States.svg USA
Statar Pennsylvania, Ohio, Vest-Virginia, Kentucky, Indiana, Illinois
Byar Pittsburgh, PA, Wheeling, WV, Huntington, WV, Cincinnati, OH, Louisville, KY, Owensboro, KY, Evansville, IN, Paducah, KY, Cairo, IL
Kjelde Alleghenyelva
 - stad Allegany Township, Pennsylvania
 - høgd 683 moh
 - lengd 520 m
 - koordinatar 41°51′24″N 77°52′30″W
Sekundærkjelde Monongahela
 - stad Fairmont, West Virginia
 - høgd 268 moh
 - koordinatar 39°27′53″N 80°09′13″W
Samløp
 - stad Pittsburgh, Pennsylvania
 - høgd 223 moh
 - koordinatar 40°26′32″N 80°00′52″W
Lengd 1 579 km
Nedslagsfelt 490 601 km²
Nedslagsfeltet til Ohioelva
Nedslagsfeltet til Ohioelva
Alleghenyelva (venstre) og Monongahela (høgre) renn saman og dannar Ohioelva i Pittsburgh i Pennsylvania, det største byområdet ved elva.
Cincinnati i Ohio er ein kjend by langs Ohioelva, historisk kjend for elvebåtane. Tall Stacks-festivalen feirar elvebåtane i Cincinnati og Ohioelva kvart tredje eller fjerde år.
Louisville i Kentucky, den største byen ved elva. Han ligg der Ohioelva er breiast og djupast.
Evansville i Indiana, den tredje sørste byen i Indiana og den fjerde største langs elva.

Ohioelva er den største sideelva til Mississippielva ut frå volum. Ho er om lag 1579 km lang og ligg i det austlege USA.

Elva har vore viktig igjennom historia for indianarane og dei mange busetnadane som dukka opp langs elva. Dei siste 500 åra før europearane dukka opp, bygde Mississippikulturen opp fleire høvdingdøme og store jordvollar langs elva, som Angel Mounds nær Evansville i Indiana. I tusenvis av år har indianarane nytta elva for framkomst. Om lag år 1200 vart det ein langvarig krig i Kentucky mellom irokesarane, som invaderte området frå dagens New York og Osage og andre stammer i Ohiodalen. Gjennom hundreåra har Osage, Omaha, Ponca og Kaw flytta vest for Mississippielva, og slo seg på midten av 1600-talet ned i Missouri, Arkansas og Oklahoma og nærliggande statar.

Etter europearane slo seg ned her tente elva stundom som grense mellom dagens Kentucky og Indianarterritoria. Ho var den viktigaste transportåra då nybyggjarane flytta vestover. Ohio renn gjennom eller langs grensa til seks amerikanske statar og nedslagsfeltet hennar omfattar fjorten statar. Gjennom den største sideelva hennar, Tennessee-elva, omfattar nedslagsfeltet mange av Sørstatane.

På 1800-talet var elva den sørlege grensa for Northwest Territory, og var dermed ei grense for dei frie områda og slaveområda. Ho vert stundom kalla «Mason-Dixon linja». Ho vert rekna som den naturlege vestlege forlenginga av den opphavlege Mason-Dixon-linja, som delte Pennsylvania og Delaware frå Maryland og Vest-Virginia (då ein del av Virginia). Det var dermed ei uoffisiell (og stundom omstridd) grense mellom Nordstatane og Sørstatane.

Ohioelva er ei klimatisk overgangssone, sidan vatnet renn langs dei ytre områda av fuktig subtropisk klima og fuktig kontinentalklima. Plante- og dyreliv frå begge klimasoner finst her. I Notes on the State of Virginia som kom i 1781-82 skriv Thomas Jefferson: «Ohio er den vakraste elva på jorda. Straumen er lett, vatnet klårt og leia er glatt og ubroten av berg og stryk.»[1]

Geografi og hydrografi[endre | endre wikiteksten]

Elva oppstår der elvane Allegheny og Monongahela renn saman. Point State Park i Pittsburgh i Pennsylvania markerer samløpet. Frå Pittsburgh renn ho nordvestover gjennom fylka Allegheny og Beaver, før ho brått snur sør-sørvestover ved grensa mellom Vest-Virginia, Ohio og Pennsylvania(nær East Liverpool i Ohio, Chester i Vest-Virginia og Midland i Pennsylvania). Frå der dannar ho grensa mellom Vest-Virginia og Ohio, oppfor Wheeling i Vest-Virginia.

Elva renn så hovudsakleg sørvestover og så vest-nordvestover fram til Cincinnati, før ho snur vest-sørvestover det meste av lengda si. Ho følgjer grensene til Vest-Virginia, Ohio, Kentucky, Indiana og Illinois, fram til ho munnar ut i Mississippi nær byen Cairo i Illinois.

Dei største sideelvane hennar, frå munningen og nedover, er:

Nedslagsfelt[endre | endre wikiteksten]

Nedslagsfeltet til Ohioelva dekkjer 490 603 km², inkludert dei austlege område av Mississippielva sitt. Statar som vert drenerte av Ohioelva er:

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Frå eit geologisk standpunkt er Ohioelva ung. Elva oppstod stykkevis for mellom 2,5 og 3 millionar år sidan. Istider oppstod på denne tida og demma opp delar av elvane som rann nordover. Teayselva var den største av desse elvane. Den moderne Ohioealva renn i delar av den gamle leia til Teays. Dei gamle elvane vart omforma eller dekte av isbrear og innsjøar.

Øvre Ohioelva[endre | endre wikiteksten]

Den øvre Ohioelva vart danna då ein av bresjøane rann over og inn i sideelv som rann sørover til Teayselva. Før dette skjedde enda Steubenvilleelva (som ikkje lenger finst) nordover og enda mellom New Martinsville og Paden City i Vest-Virginia. På same måte rann Mariettaelva (som ikkje finst lenger) sørover og enda opp mellom dei same byane. Innsjøen grov seg gjennom åsane mellom desse to elvane og dei vart ei og same elv.

Flaumvatnet forstørra den vesle Mariettadalen til same storleik som ei typisk stor elv. Den nye store elva drenerte så bresjøane og smeltevatnet på slutten av fleire istider. Dalen voks med kvar istid som oppstod.

Mange mindre elvar vart endra eller forsvann etter at den øvre Ohioelva vart danna. Dalane til nokre av dei tørrlagde elvane er framleis synlege på satellittbilete og flyfoto av åsane i Ohio og Vest-Virginia mellom Marietta i Ohio og Huntington i Vest-Virginia.

Midtre Ohioelva[endre | endre wikiteksten]

Den midtre delen av Ohioelva vart danna på liknande måte som den øvre. Ei elv som rann nordover vart demma opp sørvest for dagens Louisville i Kentucky, og danna ein stor innsjø fram til dammen brast. Ei ny rute vart grove ut til Mississippielva. Etter kvart vart den øvre og midtre delen av elva kombinert og danna i hovudsak det som er den moderne Ohioelva.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Samløpet mellom Mississippielva og Ohioelva ved Cairo i Illinois.
Carl D. Perkins-brua i Portsmouth i Ohio med Ohioelva og Sciotoelva til høgre.
Silver Bridge i Point Pleasant i Vest-Virginia som fall i Ohioelva i 1967 og som vart kjend gjennom John Keel-boka (1976) og filmen (2002) The Mothman Prophecies.

I 1669 førte René-Robert Cavelier de La Salle ein ekspedisjon av franske handelsmenn som vart dei første europearane som såg elva. Han reiste frå Canada og nådde kjelda til Ohio, og reiste så langt som til Ohiofalla før han vendte attende. Han kom tilbake seinare får utforske elva att under fleire ekspedisjonar. Ein italiensk kartograf som følgde han skapte det første kartet over Ohioelva. Frankrike gjorde krav på elva fram til områda deira i Nord-Amerika vart avstått til Storbritannia i 1763 etter sjuårskrigen (i dette området òg kalla den franske og indianske krigen).

19. mai 1749 gav kong Georg II av Storbritannia Ohio Company eit landområde rundt forgreininga i Ohioelva. Britane utforska området og dreiv handel med indianarane her, noko som førte til konflikt med franske styrkar som gjorde krav på regionen og hadde bygd fort langs Alleghenyelva. Dette var den direkte medverkande årsaka til den franske og indianske krigen i Nord-Amerika. Denne krigen var del av ein større global krig, sjuårskrigen, mellom anna utkjempa mellom Frankrike og England. Etter fleire nederlag i starten, fekk britane til slutt herredøme over Ohiodalen.

Fort Stanwix-traktaten i 1768 opna Kentucky for nybyggjarar og Ohioelva vart då den sørlege grensa for det amerikanske indianarområdet.[2] I 1774 medførte Quebec-forordninga til at landområda aust for Mississippielva og nord for Ohioelva gjekk til Quebec. Dette stilla dei fransktalande i området, men gjorde Dei tretten koloniane arge. Dei førte denne hendinga opp som ein av dei utålelege forordningane som førte til den amerikanske revolusjonen.

Louisville i Kentucky vart grunnlagd ved den einaste store naturlege hindringa for elvefart på elva, Ohiofalla. Falla er ei rekkje stryk der elva fell 26 meter over ei lengd på 3 km. I dette området renn elva over hard, fossilrik kalkstein. Den første slusa vart bygd her i 1825 for å kome rundt stryka.

Sidan Ohioelva renn vestover, vart ho ein naturlege transportveg for pionerar som reiste vestover frå Pennsylvania. Etter å ha nådd munningen av Ohio, kunne nybyggjarar reiste nordover på Mississippielva til St. Louis i Missouri. Der kunne dei halde fram oppover Missourielva, somme opp Mississippi og somme lenger vestover over land. Piratar, som Samuel Mason, slo seg ned ved Cave-In-Rock i Illinois, og gjekk til åtak på reisande som passerte byen på elva. Dei tok livet av dei reisande, stal varene deira og bora båtane deira i senk.

Handelsskip og båtar reiste sørover på Mississippielva til New Orleans og stundom lenger ut i Mexicogolfen til andre hamnebyar i Amerika og Europa. Ohioelva vart mykje nytta til frakt denne vegen fordi turen aust over Appalachane var lang og strevsam. Behovet nybyggjarane hadde for tilkomst til hamna i New Orleans førte til Louisiana-kjøpet i 1803.

Som den sørlege grensa til statane Ohio, Indiana og Illinois, vart Ohioelva grensa for dei frie områda og statane som dreiv slaveri i åra før den amerikanske borgarkrigen. Uttrykket «seld ned elva» var eit klageuttrykk som slavane nord i Sørstatane, særleg Kentucky, nytta då dei hadde vorte skilde frå familiane sine og selde i Louisville og andre stader i Kentucky, før dei vart frakta ned Ohioelva og Mississippielva til New Orleans. Der vart dei selde til eigarar av bomulls- og sukkerplantasjar i sør.[3][4] Før og under den amerikanske borgarkrigen, vart Ohioelva kalla «Jordanelva» av slavane. Å krysse elva tydde fridom i nord via Underground Railroad.[5] Slike flukter vart fortalte om i romanar som Harriet Beecher Stowe sin Hytta hans farbror Tom.

I dag vert Ohioelva rekna som grensa mellom Midtvesten og Sørstatane.

Løyvet til Virginia gjorde at dei eigde landområda heilt til den andre sida av Ohioelva, altså var heile elva ein del av landområdet til Virginia. Der elva i dag dannar grensa mellom statane ligg heile elva framleis inn under statane i aust og sør, som til dømes Vest-Virginia og Kentucky. Wheeling Island, den største busette øya i Ohioelva, høyrer derfor til Vest-Virginia, sjølv om ho ligg nærare Ohio enn breidda til Vest-Virginia.

Elvedjupne[endre | endre wikiteksten]

Lawrenceburg i Indiana, er ein av mange byar som nyttar Ohioelva til skipsfart.

Ohioelva er ei naturleg grunn elv som har vorte gjort djupare ved hjelp av ei rekkje demningar. Dammane hevar vassnivået og har i hovudsak gjort om elva til ei rekkje reservoar, som gjer skipsfarten på elva enklare. Nær starten av elva, ved samløpet mellom Allegheny og Monongahela, er ho framleis forholdsvis grunn og er ikkje djupare enn 9 meter før etter Cincinnati. Frå utgangspunktet til Cincinnati er middeldjupna om lag 8 meter. Forbi Cincinnati er elva langt djupare og er 51 m djup like vest for Louisville i Kentucky. Frå Louisville vert elva gradvis grunnare fram til samløpet med Mississippi ved Cairo i Illinois, der ho er om lag 6 meter djup. Den naturlege djupa til elva varierer mellom 1 m og 12 m.

Byområde langs elva[endre | endre wikiteksten]

Storbyområde Innbyggjarar
Pittsburgh 2,3 millionar
Cincinnati 2,2 millionar
Louisville 1,2 million
Evansville 350 000
Huntington-Ashland 290 000
Parkersburg 160 000
Wheeling 145 000
Weirton-Steubenville 132 008
Owensboro 112 000

Byar langs Ohioelva:


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ohioelva

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jefferson, Thomas, 1743-1826. Notes on the State of Virginia
  2. *Taylor, Alan (2006). The Divided Ground: Indians, Settlers and the Northern Borderland of the American Revolution. New York: Alfred A. Knopf. s. 44. ISBN 0-679-45471-3. 
  3. KET's Underground Railroad - Behind the Scenes - Guy Mendes
  4. "Put in Master's Pocket: Interstate Slave Trading and the Black Appalachian Diaspora"
  5. KET's Underground Railroad - Community Research