Claus Feyling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Claus Feyling
Fødd 9. desember 1916
Død

2. mars 1989

Yrke politikar

Claus Egil Feyling (9. desember 19162. mars 1989) var ein norsk politikar frå Egersund i Rogaland. Han representerte Rogaland fylke og partiet HøgreStortinget i tida 1977-85.

Feyling tok eksamen ved Oslo tekniske skole i 1943 og ingeniøreksamen ved Stockholms Tekniska Institut i 1948. Han var bygningsinstruktør i Siemens A/S 1943-45 og landmålar i Oslo kommune 1945-46. Frå 1948 til 1981 var han tilsett i Bergverksselskapet Titania A/S i Hauge i Dalane, mestedelen av tida som avdelingssjef i bygnings- og transportavdelinga.

I politikken var Feyling medlem i Sokndal kommunestyre 1968-71 og ordførar 1972-75. Han var fylkestingsmedlem for Høgre i 1976-77. Hausten 1977 vart han vald til stortingsrepresentant frå Rogaland og var medlem i Industrikomiteen. Etter attval i 1981 var han dei neste fire år medlem i Energi- og industrikomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]