Cleopa Msuya
| Cleopa Msuya | |||
| | |||
| Fødd | 4. januar 1931 Kilimanjaro | ||
|---|---|---|---|
| Død | 7. mai 2025 (94 år) | ||
| Statsborgar av | Tanzania | ||
| Yrke | politikar, minister | ||
| Utdanna ved | Makerereuniversitetet | ||
| Verv | Statsminister i Tanzania 7. november 1980–24. februar 1983 | ||
| Føregangar | Edward Sokoine | ||
| Etterfylgjar | Edward Sokoine | ||
| Verv | Statsminister i Tanzania 7. desember 1994–28. november 1995 | ||
| Føregangar | John Malecela | ||
| Etterfylgjar | Frederick Sumaye | ||
| Verv | Visepresident i Tanzania 7. desember 1994–28. november 1995 | ||
| Føregangar | John Malecela | ||
| Etterfylgjar | Omar Ali Juma | ||
| Alle verv | |||
Cleopa David Msuya (4. januar 1931–7. mai 2025) var ein tanzaniansk politikar som var visepresident i landet frå 1994 til 1995. Før det var han statsminister i Tanzania i to periodar, fyrste gong frå 1980 til 1983, andre gong frå 1994 til 1995.
Msuya studerte ved Makerere universitet i dagens Uganda frå 1952 til 1955, og jobba med sosial utvikling på landsbygda frå 1956 til 1964. Frå 1972 til 1975 var han finansminister i Tanzania, og vart industriminister i 1975. Etter å ha vore industriminister i fem år fekk han den fyrste statsministerperioden sin frå 1980 til 1983, under Julius Nyerere, den fyrste presidenten i Tanzania. Etter det vart han finansminister igjen fram til 1990, då han vart industri- og handelsminister.
I desember 1994 vart Msuya statsminister for andre gong, og var samstundes visepresident i Tanzania, til november 1995. Han pensjonerte seg i 2000.