Cloelia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsnitt frå relief som viser Cloelia si flukt, frå 1500-talet.

Cloelia er ei legendarisk kvinne æra som ein helt frå den tidlege historia til Romarriket.

Som del av ein fredsavtale som ende krigen med den etruskiske byen Clusium i år 508 f.Kr. tok etruskarleiaren Lars Porsena romerske gislar. Cloelia var ei ung kvinne blant gislane. Ho flykta frå Clusium-leiren og tok med seg ei gruppe romerske gislar.[1]

Ifølgje Valerius Maximus flykta Cloelia på ein hest og symde over elva Tiber. Porsena kravde at ho skulle sendast tilbake, og romarane gjekk med på det. Porsena var då blitt så imponert av motet hennar at han lét henne velja halvparten av dei gjenverande gislane til å frigjevast. Ho valde då dei romerske unggutane, slik at dei kunne fortsetja krigen.

Romarane æra Cloelia på ein måte dei vanlegvis berre nytta for menn: Med ein ryttarstatue der ho sat ikledd toga ved toppen av Via Sacra.[2]

Cloelia skal ha tilhøyrt slekta (gens) Cloelia eller Cluilia.

Cloelia i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Cloelia er blitt avbilda i samband med gjenforteljingar av flukta hennar, og i måleri frå renessansen av. Namnet hennar er i ettertid blitt brukt i former som Clelia, Clélia og Clélie.

Soga om Lars Porsena og Cloelia dannar grunnlaget for librettoen Il trionfo di Clelia (1762) av Pietro Metastasio.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Howatson, M. C. HowatsonM C. (1. januar 2011). Howatson, M. C., red. «Cloe'lia» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 9780199548545. doi:10.1093/acref/9780199548545.001.0001/acref-9780199548545-e-0756. 
  2. Kelly Olson (2008). Edmondson, J.C.; Keith, A., red. The Appearance of the Young Roman Girl. Roman Dress and the Fabrics of Roman Culture (University of Toronto Press). s. 151 (note 18).