Clyde Tombaugh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Clyde William Tombaugh

Fødd4. februar 1906(1906-02-04)
Streator i Illinois i USA
Død17. januar 1997 (90 år)
Las Cruces i New Mexico i USA
NasjonalitetUSA
OmrådeAstronomi
Yrkeastronom, universitetslærar
InstitusjonarNew Mexico State University
University of California, Los Angeles
Alma materUniversity of Kansas
Northern Arizona University
Kansas State University
Kjend forOppdaginga av Pluto

Clyde William Tombaugh (4. februar 190617. januar 1997) var ein amerikansk astronom, fødd i Illinois og oppvaksen der og i Kansas. Han er mest kjend for å ha oppdaga dvergplaneten Pluto i 1930, som den første lekamen i det som seinare vart rekna som Kuiperbeltet, men oppdaga òg mange asteoidar. Han ønskte òg seriøs vitskapleg forsking på uidentifiserte flygande objekt, eller UFO+ar.

Han var professor ved New Mexico State University frå 1955. Oppdaginga av Pluto gjorde han medan han var assistent på Lowell-observatoriet. I tillegg Pluto og mange asteroidar, har han oppdaga fleire stjernehopar, variable stjerner og galaksehopar. Han gjorde òg studioar av geologien på Mars og månen. Saman med P. Moore skreiv han ei bok om Pluto og oppdaginga av planeten, Out of the Darkness (1980).

Asteroiden 1604 Tombaugh, som vart oppdaga i 1931, er kalla opp etter han. Ein liten bit av oska etter Tombaugh vart plassert ombord på New Horizons-romsonden som vitja Pluto i 2015.

Asteroidar oppdaga av Tombaugh[endre | endre wikiteksten]

Tombaugh brukte dette blinkapparatet for å samanlikne dei fotografiske platene.

Tombaugh oppdaga totalt 14 asteroidar under søket etter Pluto og oppfølgjingssøket etter den foreslåtte «Planet X».

Asteroidar oppdaga av Tombaugh
Namn Oppdagingsdato
2839 Annette 5. oktober 1929
2941 Alden 24. desember 1930
3310 Patsy 9. oktober 1931
3583 Burdett 5. oktober 1929
3754 Kathleen 16. mars 1931
3775 Ellenbeth 6. oktober 1931
3824 Brendalee 5. oktober 1929
4510 Shawna 13. desember 1930
4755 Nicky 6. oktober 1931
7150 McKellar 26. oktober 1929
(6618) 1936 SO 16. september 1936
(7101) 1930 UX 17. oktober 1930
(7150) 1929 TD1 11. oktober 1929
(8778) 1931 TD3 10. oktober 1931

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]